Den siste valkyrie – spennande, klein og perfekt for ein 14-åring
Den siste valkyrie av Hanne Eik er ei svært spennande fantasy-bok for ungdom, som er vanskeleg å legge frå seg.
Har du nokon gong skulle ynskt at verda hadde meir å tilby enn det ein kan sjå med det blotte auget? At du var spesiell?
Det gjer ikkje Ava, hovudpersonen i Den siste valkyrie av forfattar Hanne Eik. Ava ynskjer helst å vere anonym, og å komme seg gjennom dagane utan å verte noko særleg lagt merke til.
Men når ho ikkje lenger har noko val, vel ho å ofre ynsket om anonymitet.
«Den siste valkyrie»
Forfattar: Hanne Eik
Forlag: Cappelen Damm
Sjanger: Fantasy
Sider: 380
Mystisk konkurranse
Ava si mor er sjuk, og ho klarer ikkje å halde tritt med rekningar og gjeld. Alt verkar håplaust for Ava og mora, heilt til Ava ein dag mottar ein mystisk invitasjon.
Alle jenter på 18 år i Oslo, vert inviterte til å delta i ein konkurranse; «Valkyrien», med ein premiepott på 3 millionar kroner. Ein konkurranse full av gåter, sentrert rundt norrøn mytologi.
Heldigvis for Ava, er dette to av hennar spesialitetar. Utan problem kjem ho lett med i konkurransen saman med ei rekke andre jenter. Men kva er eigentleg «Valkyrien», og kven står bak konkurransen? Kven er denne Bo, som Ava har ei sterk tiltrekking mot, som om dei har møtst før? Og kven er det som prøver å drepe Ava i løpet av konkurransen?
Vanskeleg å legge frå seg
Den siste valkyrie er ei svært spennande bok, med ei god spenningskurve, som gjer boka vanskeleg å legge frå seg. Jo lenger ein les, jo fleire spørsmål får ein som lesar, og då MÅ ein jo berre lese vidare for å sjå korleis det går.
At boka er skriven på norsk, og har ei rekke referansar til norsk kultur, gir òg boka eit eige spenningsmoment. Lesaren kan kjenne seg igjen i referansar, blant anna til norske stader, norske kjendisar, og ikkje minst; norrøn mytologi.
Er du glad i norrøn mytologi, er denne boka ein perfekt match for deg. Det kjem tydeleg fram igjennom boka at forfattaren kan det ho skriv om. Trådane som verte trekte til norrøn mytologi, gjer boka svært god.
Trass i at boka er skjønnlitterær, og bygger vidare på dei norrøne sagaene, er det meste henta direkte frå sagalitteraturen. Om du har ein indre historikar i deg, eller om du forelska deg i den norske serien Ragnarok på Netflix frå 2020, vil det norrøne momentet i boka treffe deg svært godt.
For yngre lesarar
Samstundes som at boka har ei svært god spenningskurve og er oppslukande, vil ho for ein erfaren fantasy-lesar kanskje vere litt klein og føreseieleg. Der handlinga tek for seg livet til ei 18 år gamal jente, er nokon av skildringane til tider litt urealistiske, og ber preg av å vere skrivne av ein vaksen forfattar som prøver å relatere til ungdomen.
Samstundes vil eg påstå at dette gjer at boka i større grad appellerer til yngre lesarar, som kanskje ikkje har like mykje tidlegare erfaring med bøker, og då spesielt fantasy-sjangeren.

Gjennom å appellere til dei yngre lesarane på denne måten, er Den siste valkyrie ei flott bok for dei som ynskje å komme meir inn i bokverda. Dei bøkene som i stor grad er populære på TikTok og andre sosiale medium i dag, er ofte ikkje dei som appellerer best til dei yngre lesarane.
Eg vil påstå at det i stor grad manglar gode, norske, fantasy-bøker for ungdom. Det har eg trua på at Den siste valkyrie, og dei framtidige oppfølgjarane til boka, vil bidra til å endre.
Spent på oppfølgjaren
Den siste valkyrie av Hanne Eik er ei svært spennande fantasy-bok for ungdom, som er vanskeleg å legge frå seg. Sjølv om ho kanskje ikkje appellerer til erfarne fantasy-lesarar, vil nok boka treffe den ynskja målgruppa, som her er yngre lesarar.
Samstundes vil eg påstå at ho kan vere spennande også for dei som har lese meir, for personleg gler eg meg allereie til oppfølgjaren. Når ein først har begynt å forstå korleis konkurransen «Valkyrien» heng saman, er det vanskeleg å ikkje skulle sjå korleis det går vidare.






