NTNU får nynorsk-kritikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein rapport frå Språkrådet om målbruk i offentleg teneste for 2015 viser at NTNU i Trondheim ikkje oppfyller krava i mållova, fortel studentavisa Under dusken. Lova fastslår at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere sidestilt skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.

Både på ntnu.no og sosiale medium er bokmål omtrent einerådande, medan det er 34,1 prosent nynorsk på bibsys.no.

LES OGSÅ: UiO får nynorsk-refs

Krav om 25 prosent
– Blant dei viktigaste krava i mållova er at begge målformer skal vere representert med minst 25 prosent i all skriftleg kommunikasjon retta mot publikum. Alle skjema skal også finnast i begge målformer og privatpersonar har rett til å få svar i den målforma dei sjølv brukar. I tillegg skal NTNU følgje forskrifta om målform i eksamensoppgåver, som gir studentane rett til å få eksamen i eiga målform, seier Kristin Solbjør, sjef i seksjon for språk i skule og offentleg forvaltning i Språkrådet, til Under dusken.

Eline Bjørke, leiar for Studentmållaget i Nidaros, meiner det er skammeleg at NTNU brukar for lite nynorsk og ikkje prioriterer å kvalitetssikre språket.

– Det viser at dei manglar respekt for dei som bruker nynorsk, og at dei bryr seg fint lite om dei språklege rettane til studentane, seier ho.

Kommunikasjonssjef Christian Fossen ved NTNU seier at universitetet lenge har slite med for lite nynorsk.

– For å få opp bruken av nynorsk er vi jo delvis avhengige av at fleire i organisasjonen brukar nynorsk personleg. Dette er det relativt få hos oss som gjer. Det er ei leiaroppgåve å sørgje for at bruk av nynorsk skjer, men det er også ei oppgåve for alle saman å sørgje for å bli flinkare til å bruke det sjølv, seier Fossen.

LES OGSÅ: «Inga overrasking at studentane er svake i nynorsk»

Von om betring
Etter at Dusken.no skreiv at NTNU har for lite nynorskbruk har universitetet respondert gjennom facebooksida si. Her fortel dei at dei no skal ta tak i mangelen på nynorsk og gjere tiltak for å forbetre dette. Blant tiltaka har dei som mål å publisere minst kvart tredje innlegg på NTNUs facebookside på nynorsk. (©NPK)