Lanserer Airbnb for leksehjelp

Det er fleire aktørar som tilbyr privat leksehjelp. I april lanserer IT-utdanna sunnmøring ein ny lekseportal under namnet GodtPrestert.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delingsøkonomi og tenester etter Airbnb-metoden er på frammarsj også i bransjen for privat leksehjelp. Elevorganisasjonen åtvara mot at privattimar blei «normalen», men i april vert endå ein portal lansert i leksebransjen, skriv Dagens Næringsliv.

IT-utdanna Bjørnar Valbø (31) har mastergrad i informatikk og søkte på over 100 jobbar utan resultat. Han kjem frå Sunnmøre, men er busett i Grimstad. No skal han lansere portalen GodtPrestert saman med lærar Anne Kristine M. Soldal og samfunnsøkonom Eivind Briseid. Dette er eitt av fleire gründerkonsept som kastar seg inn i bransjen for privat leksehjelp.

LES OGSÅ: Gode grunnar til å faktisk gjera lekser

Airbnb-metoden
I oktober lanserte fire studentar ein beta-versjon av nettsida LearnLink, og Thea Myrvoll starta teknologiselskapet Teach Me Now. Alle dei tre selskapa er basert på det same, og tilbyr leksehjelp etter Airbnb-metoden. Gjennom tenesta kan elevar og lærar sjølv finne kvarandre og gi ein liten del av omsetninga tilbake til portalen.

– Mange sit på kompetanse dei ikkje får brukt, i alle fall i tider med stigande arbeidsløyse. Det finst mange ingeniørar med god utdanning, og det kan vere ei moglegheit for dei no å undervise. Lukkast vi, har me gitt motivasjon for PPU og å utdanne seg vidare til høgt kvalifiserte lærarar, seier Valbø til DN. Han ønskjer også at studentar melder seg som lærarar.

Det er allereie ein etablert marknad for privat leksehjelp, og prisen kan gå heilt opp mot 800 kroner timen.