Åtte av ti bekymra for klimaendringane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei undersøking gjennomført av miljøorganisasjonen WWF, viser at 78 prosent av nordmenn er bekymra for korleis klimaendringane vil påverke dei og dei neste generasjonane.

Drygt halvparten av dei spurde, 52 prosent, seier dei tenkjer på klimaforandringane minst éin gong i veka, skriv Dagsavisen.

LES OGSÅ: Kvinner, barn og venstreorienterte mest bekymra for klimaendringane

Eit solid fleirtal seier i undersøkinga at dei er villige til å bidra til å stogge klimaendringane. 74 prosent er innstilt på å hjelpe til med å halde den globale temperaturauken under 2 grader, noko som også er målet med klimaavtalen frå Paris i fjor. Og vi er allereie i ferd med å endre åtferd. 56 prosent seier dei køyrer mindre bil enn før, 33 prosent har innført enøktiltak heime, og 29 prosent et mindre kjøt.

Undersøkinga er gjort i forkant av klimamarkeringa Earth Hour, der folk blir oppfordra til å skru av lyset i éin time frå klokka 20.30 førstkommande laurdag. I fjor blei timen markert i 172 land. 1,6 millionar nordmenn sløkte lyset. (©NPK)

LES OGSÅ: Aarebrot: – Dårleg debattklima om klima