– Framleis kolsvart oljefond
Greenpeace meiner Oljefondet må få opp farten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noregs Bank offentleggjorde onsdag Statens pensjonsfond – Utland (Oljefondet) sin første årsrapport etter vedtaket om å trekkja fondet ut av kol.
Ein gjennomgang av organisasjonane Greenpeace, FIVH og Urgewald viser at 122 selskap burde vore ute som følgje av vedtaket. No melder fondet at dei har trekt seg ut av 27.
– Me jublar for at vedtaket om å ta oljefondet ut av forureinande kol no er sett i verk, men dette går for sakte. Oljefondet er framleis fullt av kolsvarte investeringar, seier Truls Gulowsen, leiar i Greenpeace Noreg i ei pressemelding.
LES OGSÅ: New York Times: Olje-Noreg er hyklersk
På Lista til oljefondet står framleis storforureinarar som Duka Energy, AGL Energy, Korea Electric Power og RWE. Exxon og tjæresandselskapet Suncor er òg framleis på investeringslista til fondet. Dette trass i at Stortinget vedtok at oljefondet skulle trekkja seg ut av selskap med store utslepp, i tillegg til dei med mest kol.
LES OGSÅ: Investeringar i kol opp i røyk