Her er partileiarane arrestert av politiet

Åtte aksjonistar, mellom dei tre ungdomspartileiarar, er arresterte etter aksjonar mot gruvedeponi i Førdefjorden.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politiet gav aksjonistane ti minuttar på å fjerna seg. Me blei, skriv nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, Lage Nøst, i ei melding på Twitter like etter klokka 1730.

Då blei han og leiarane i Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom og fem andre aksjonistar køyrt vekk frå aksjonen på Engebøfjellet ved Førdefjorden.

Tidlegare i dag lenkja dei seg fast til anleggsmaskinene til Nordic Mining, i protest mot prøveboringar i Engebøfjellet. Fjellet er blant dei som har mest rutil i heile verda, eit råstoff til titan.

Over 30 bøtlagde
Til saman har over 30 aksjonistar blitt fjerna sidan sist veke, då Natur og Ungdom starta aksjonane.

Politiet i Sogn og Fjordane seier at dei gjer det som må til for at prøveboringane skal kunne gjennomførast.

– Eg meiner sivil ulydigheit må vera ei legitim aksjonsform som ein siste utveg når politikken heng etter, sa Lage Nøst til Framtida.no medan han venta på politiet tidlegare i dag, onsdag.

LES OGSÅ: Større bøter enn venta for aksjonistane

FpU: – Strenge miljøkrav
Atle Simonsen, formann i FpU, skriv i eit lesarbrev på Framtida.no kvifor ikkje han aksjonerer mot gruveprosjektet ved Førdefjorden og viser mellom anna til at Miljødirektoratet har gjeve løyve til sjødeponi.

– Frp har vore positive til Engebøprosjektet i Førdefjorden. Sogn og Fjordane slit med å få ungdom til å etablera seg i fylket, fordi vi manglar arbeidsplassar. Engebøprosjektet betyr 300 nye industriarbeidsplassar i Sunnfjord, og 500 nasjonale arbeidsplassar. Konsesjonen har dei strengaste miljøkrava og overvakingskrava i verda, skriv han.