Satsar mot handball-toppen
Malene Tysnes (15) deltar på landslagssamling på måndag. Ho blir ekstra inspirert av dei gode prestasjonane i handball-VM.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det blir veldig spennande, seier ho om å få delta på den regionale landslagssamlinga for 2000/01-kullet i Framohallen i Bergen på måndag. Ho har vore på tre slike samlingar tidlegare. Til dagleg speler ho på Os.
Ho trener kvar dag på teknikk, ballspel og kondisjon og kvar helg er det kampar.
– Kva er det som er så gøy med handball?
– Det er spennande. Du får opp adrenalinet når det er kamp. Og så er det veldig sosialt, seier ho. Venninna hennar Ayleen Hagener òg med på å spela på Os.
LES OGSÅ: Tar oppgjer med lagidretten
Skriv CV til Olympiatoppen
Til hausten satsar ho på å koma inn på toppidrettslinja på Tertnes i Bergen.
Då må ho ha minst karakter 4 i snitt, ha stor motivasjon og vera blant dei beste i landet innan sin idrett.
– Eg trur eg har ein god sjanse, me eg må halda fram med å jobba for det. Eg har veldig, veldig lyst til å klara det. Eg vil klara det, slår ho fast.
Det er Olympiatoppen som bestemmer om ho får plass. Ho skal skriva CV til dei som blir med i vurderinga deira.
LES OGSÅ: Handballen ligg etter i inkludering
Ekstra inspirasjon
Planane for framtida er klare. Ho håpar å få spela på damelaget til Tertnes – og seinare drøymelaget Györ i Ungarn. Fleire av landslagsspelarane speler eller har spela der. Heidi Løke og Linn Jørum Sulland speler der i dag og Nora Mørk byrjar i klubben til hausten.
VM-gullet til damene, og dei gode prestasjonane til handballherrane er ei ekstra inspirasjon for henne.
– Det hadde vore heilt sjukt viss herrane hadde fått gull, sa ho då me snakka med ho på torsdag. Fredag blei det klart at Noreg går til bronsefinalen.
Målet hennar er å sjølv stå i mål for Noreg i VM om nokre år.
LES OGSÅ: Rumpeldunk – med sopelime mellom beina