Dei har sjukeheimen som klasserom
– Eg synest det er kjempeflott at me får gjort noko anna enn å berre halda på med teori heile tida, seier Hege Maria Torkelsen (19).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert i Sunnhordland avis.
– No skal me vaska håret hans, men før me gjer det må me ta på oss utstyr og hanskar for å beskytta oss og pasienten mot bakteriar og mikroorganisar, seier Sigrid Meling (17), som går på Bømlo vidaregåande skule.
Det er medelev Mads Ellingsen (19) som er «pasient», og ifølgje Sigrid er kommunikasjon essensielt når ein vaskar og behandlar pasientar.
– Heile tida informerer me dei om kva me gjer, seier ho.
– Kvifor er dette så viktig?
– Det er viktig for å få pasientane til å føla seg trygge. Kommunikasjon mellom oss og dei er essensiell, seier Mads Ellingsen.
Forsmak på verkelegheita
Saman med Hege Marie Torkelsen (19) deler dei på å spela pasient inne på eit av romma til sjukeheimen i Svortland, som heiter Bømlo bu og helsesenter.
– Dette er jo noko anna enn å sitja i klasserommet, seier Hege Maria Torkelsen, medan ho smør nevane til Sigrid inn med salve.
Og slik roterer dei på pasientrolla i lag med dei andre elevane på VG2 Helsefagarbeid.
I fjor gjekk dei tre på VG1 Helse- og oppvekstfag. Og til neste år kan dei velja å gå vidare i læreplass, eller at dei tek generell studiekompetanse gjennom VG3 påbygg.
Sigrid og Mads vurderer påbygg til neste år, for så å utdanna seg til vernepleiar. Hege Maria har også lyst til å bli vernepleiar, og vurder å gå ut i lære.
– Eg har alltid hatt lyst til å jobba med menneske. Her på sjukeheimen får ein praksis og får sett korleis ein kan komma til å jobba seinare, seier Sigrid.
Avhengige av ledige rom
Skal ein velja studieretninga helse- og oppvekstfag i Sunnhordland, kan ein forutan på Bømlo vidaregåande skule, også oppnå fagbrev og yrkeskompetanse, eller generell studiekompetanse på Fitjar – eller Kvinnherad vidaregåande skule.
Forutan helsefag har ein også mogelegheita til å velja seg utdanning som Barne- og ungdomsarbeidar.
– Korleis kom de på ideen å bruka Bømlo bu og helsesenter?
– Ei avdeling stod ledig, og me fekk leiga deler av denne avdelinga hos Bømlo kommune, seier faglærar Kjersti Vespestad på Bømlo vidaregåande skule.
– Tidlegare har helsefagklassane reist til Stord, for å bruka lokala til HSH på Rommetveit, seier læraren, som også er utdanna sjukepleiar. Ho tykkjer studiesituasjonen er spesielt bra for elevane, då dei får ein reell oppleving av korleis det er å jobba innan helse.
– Her har elevane utstyr og målet er dei i løpet av våren har kontakt med pasientane gjennom ulike aktivitetar, seier Vespestad.
Saka held fram under biletet.
Bømlo vgs-elevane Ingvild Monsvik (18) til venstre, og Fariba Heidari (28) lærar seg å reia opp senger på sjukeheimen. Dei har mellom anna lært seg å bruka smittevernutstyr, som desse stellefrakkane, for å minimera smitte mellom rom og pasientar. Foto: Henrik Mundal Andreassen.
Pilotprosjekt
Faglæraren understrekar at studieopplegget førebels er eit pilotprosjekt i regi av Bømlo bu og helsesenter og Bømlo vidaregåande skule.
I eit halvt år har dei halde på med dette.
– Elevane får også møta helsefagarbeidarar som arbeidar på institusjonen. Det er ein stor institusjon med plass til 70 pasientar, held ho fram.
– Men de er jo avhengige av ledige rom?
– Ja, det er me, så det kan jo endra seg. Vert avdelinga opna for pasientar vil me ta kontakt med sjukepleiarutdanninga på HSH på Stord og høyra om å få bruka sjukepleiesenteret, seier Kjersti Vespestad, som fortel at dei er nøgde med lokalitetane på både Stord og Bømlo, men at det ikkje er tvil om kva som er mest praktisk for elevane.
– Det er enklare å gå ned til sjukeheimen, enn å reisa til HSH og Stord. Bømlo bu og helse har vore positive til dette, og dette er jo også ein måte å rekruttera til HSH også, seier Kjersti Vespestad.
Artikkelen er henta frå årets messeavis i høve Utdanningsmessa 27.- og 28.januar på Vikahaugane. Messeavisa er produsert av Mediehuset Sunnhordland i samarbeid med Stord Rotaryklubb. Den var først publisert i Sunnhordland avis.