Vil la legestudentar få meir praksis i kommunane
Vil det bli enklare å rekruttere fastlegar over heile landet, trur forskar Helen Brandstorp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slik kan det bli fleire fastlegar
Ho har sjølv publisert ein studie som tyder på at fastlegar er lengst i byar, og kortast i små kommunar, fortel NRK.no. Forskaren trur det å gi medisinstudentane meir praksis ute i kommunane gjennom utdanninga og bruke mindre tid i sjukehusa, vil lette fastlegerekrutteringa i heile landet.
– Eg set det i samanheng med at vi har ei legeutdanning som er fullstendig sjukehusbasert, slik at ein vel sjukespesialitet før ein vel å bli allmennlege, seier forskaren, som også er leiar for nasjonalt senter for distriktsmedisin.
Kommuneoverlege i Flora Jan Helge Dale er positiv til å la allmennlegepraksis i kommunane bli ein større del av utdanningsløpet.
– No er det berre ein månad i allmennpraksis, siste året i studiet. Eg trur at om ein hadde hatt lenger tid, og lagt større del til allmennpraksis, så rekrutterer ein også mykje betre til det, seier Dale til NRK.no. (©NPK)