Frå Ordbok til Språkråd
– Språket har ord for det me treng å snakke om. Og me har openbert hatt behov for å snakke om maur, seier Åse Wetås, som tok over som direktør i Språkrådet denne veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då Åse Wetås gjekk på Sandnes vidaregåande, var planen klar. Neste skritt var å studere medisin. Difor hadde ho fordjuping i matematikk og biologi, og ho samla seg eit svært herbarium. Men det siste året kom mattelæraren hennar bort til henne. "Eg høyrer dette snakket om medisin, men det er jo strengt tatt ei fagutdanning. Skulle ikkje du heller satse på noko meir forskaraktig?" Wetås reagerte som alle andre bråkjekke nestentjueåringar, tenkte at det var heilt idiotisk sagt, og avviste han glatt.
Så byrja ho på medisin i Oslo. Og forstod at mattelæraren hadde hatt rett. Ho tok til å studere språk i staden. Men ho angra ikkje på fordjupingsfaga.
– Realfaga har vore veldig nyttige, seier Wetås.
– Det er ikkje så langt i frå eit herbarium til leksiografi. Det er ei interesse for enkelteksemplaret ikkje berre for eksemplaret sin del, men av di det er ein del av eit større system. Det er noko som kan plasserast og organiserast, seier Wetås.
I vår kom boka Maurens kulturhistorie, som ho har redigert saman med biolog Torstein Kvamme. Den ser på korleis mauren har blitt skildra i kunsten og litteraturen, og korleis me menneske har levd saman med han. Wetås har sett på kva spor mauren har sett i språket.
– Det ligg kulturhistorie i språket. Den strenge naturvitskaplege klassifiseringa av maur og den folkelege klassifiseringa stangar ofte mot ein annan. Me seier t.d. at maur med venger er vengemaur. Men alle maur har venger på eit visst utviklingsstadium. Den detaljen har ikkje vore viktig for folk når dei snakka om maur. I samlingane til Norsk Ordbok er det mange treff på ulike maurtypar, skildringar til dømes av korleis maur har blitt nytta i folkemedisin eller til vêrvarsling. Det er tydeleg at han har blitt løfta opp. Det er nok av småkryp under ein stein som ein ikkje anar kva heiter, men ein maur kjenner du att. Han har levd tett inn på menneska og me menneska har samanlikna oss med han, t.d. slik vi ser det i uttrykket flittig som ein maur. Språket har ord for det me treng å snakke om. Og me har openbert hatt behov for å snakke om maur.
– Om me ser på spora av maur i språket, vil du seie at han er vår ven eller vår fiende?
– Han er openbert ein ven og har fått veldig mange positive eigenskapar knytt til seg. Han er ein usjølvisk slitar som arbeider på vegner av heile samfunnet. Biologane er derimot ikkje så sikre på om maurane faktisk er medvitne om dette samlivet, men slik har me tolka han. Han har på mange måtar blitt eit ideal, fortel ho.
LES OGSÅ: Ny direktør i Språkrådet: Tull med språket
Lange linjer, konkrete oppgåver
1. desember tok ho til som direktør i Språkrådet. Ho går frå å styre eit prosjekt der ein har fordjupa seg i enkeltord, til å måtte bry seg om mykje større arbeidsfelt. Samstundes er ho klår over at mange framleis trur at Språkrådet berre bryr seg med enkeltord, om t.d. korleis bacon og nikab skal skrivast på norsk.
– Ei av oppgåvene til Språkrådet er å normere skriftspråket, og det inkluderer nye ord. Men om folk trur me berre held på med det, trur eg me har ein jobb å gjere med å syne fram at me puslar med mykje meir. Språkrådet sit med rik kompetanse på språk som me gjerne deler av, me vil hjelpe, halde kurs, rettleie og rett slett vere der for dei som treng det.
– Er det mykje av slikt no?
– Ja, og det aukar på. Fleire og fleire nyttar språktenestene våre. Men eg har eit ynske om at me flyttar endå meir av dette arbeidet over frå å vere rettleiing til enkeltpersonar til å svare fleire på ein gong. Det har jo nett kome ei bok med spørsmål og svar til og frå Språkrådet (Hvorfor snur man på flisa?) , og det finst ein svardatabase på nettsidene. Så dette blir eit stadig viktigare arbeid.
– Det gamle Språkrådet var ein slags nøytral arena for norsk målstrid. Kva er det no?
– Det er i alle fall ikkje ei samling av interesseorganisasjonar, om nokon skulle tru det. Språkrådet er eit forvaltningsorgan som skal gjennomføre den offisielle norske språkpolitikken. Det er openbert at me skal ta vare på norsk både som kulturspråk og bruksspråk, og ein viktig del av dette er å ta vare på rettane til språkbrukarane i Noreg. Dette er store og langsiktige mål, men som me må arbeide med kvar dag. Me må bryte det ned til konkrete tiltak.
– Til dømes?
– Arbeidet med språklege rettar dreier seg mellom anna om at folk får bruke den målforma dei vil og får svar frå det offentlege på den målforma dei ynskjer. Men det handlar også om at folk skal få forståeleg skriftleg informasjon frå staten, som er viktig for demokratiet. Eit anna døme er å arbeide for god tverrfagleg kommunikasjon i samband med krisehandteringar og naudsituasjonar. Korleis kommuniserer naudetatar med kvarandre, har dette språket det naudsynte presisjonsnivået som me treng i ein krisesituasjon? Korleis kan det bli betre?
LES OGSÅ: Ein språkvitenskapeleg tungvektar
Engelsk kan vere bra
– Meldingar av typen "dere burde heller bry dere om at det blir mer og mer engelsk " er vel også noko Språkrådet er van med?
– Nokre gonger er engelsk heilt greitt. Forskarar i Bergen som skal snakke med fagfellar i Bueno Aires og Kuala Lumpur må ha ein måte å kommunisere på. Det er ingenting gale i det. Samstundes har alle forskarar eit ansvar for at det også finst ein god norsk fagterminologi og god sakprosa på norsk. Om all høgare forsking i samfunnsfag og naturfag er på engelsk, blir det vanskelegare å skrive norske lærebøker til bruk på lægre nivå. Særleg lett er det å vise at dette er viktig i fag der ein skal ut i praksis og møte folk, t.d. lærarar og sjukepleiarar. Her det viktig at ein som student lærer seg å bruke eit klart og enkelt språk som alle som ein møter ute i arbeidslivet, kan skjøne.
– Kor glad er du for at det ikkje ligg ei ny normering og ventar på deg?
– No er eg ikkje heilt uhilda, men eg tykte den førre runden med nynorsk gjekk utruleg bra. Det skuldast delvis måten det arbeidet vart gjort på, med fullt innsyn undervegs og høve til å kommentere dei førebelse innstillingane. Samstundes var det sterk semje om at dette var eit arbeid som måtte gjerast, at systemet med hovudformer og klammeformer ikkje fungerte så bra. No var nok ikkje alle samde om enkeltformer i den endelege norma, det var mange som miste favorittane sine undervegs. Det gjorde eg sjølv også! Men eg tykkjer arbeidet gjekk så bra at eg ikkje ville ha kvidd meg for å gjere det igjen. Men no har både bokmål og nynorsk fått langsiktig og stabil normering. Språkrådet har fullmakt til å normere enkeltord, og siste normeringssaka som var oppe, galdt om himmellekamar skal skrivast med stor eller liten forbokstav.
– Og dermed sit me og snakkar om enkeltord igjen.
– Men dette er også viktig. Desse normene og vedtaka gjer me ikkje for å plage statstilsette eller born i skulen. Det handlar om å gje eit godt og oppdatert tilbod til alle som ynskjer å skrive god og enkel norsk. Dette er eigentleg på tilbodslista. Godt språk er uavhengig av kva plattform det blir publisert på. Kravet til formuleringar og språkleg presisjon har blitt større, sidan t.d. Internett gjev tilgang til så mykje, og brukarane kan velje det beste. Difor aukar dei språklege krava til mange fleire som skriv. Dei ville trenge tips, råd og reglar. Det vil Språkrådet gje dei.
LES OGSÅ: Det grøne skiftet er årets nyord
Faktaboks
Åse Wetås
Leksikograf og språkvitar.
Prosjektleiar i Norsk Ordbok 2008-2015
Er frå 1. desember direktør i Språkrådet