Dyrare kjøt med Dei Grøne
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil gjere det dyrare å ete kjøt
Kraftige hopp i miljøavgiftene vil aleine finansiere auka asylutgifter neste år, ifølgje det alternative budsjettet som partiet la fram tysdag.
Der vert det foreslått å auka momsen på kjøt og kjøtvarer til 20 prosent, så lenge varene ikkje er økologiske. Då skal momsen bort.
Frukt og grønt skal også ha momsfritak, til liks med elsyklar og kollektivtransport. Meirverdiavgift skal heller ikkje betalast ved gjenbruk og reparasjon av brukte klede, sko, hushalds- og fritidsvarer. Men flyreiser blir vesentleg dyrare.
LES OGSÅ: Nordmenn et mindre kjøt
Auka bistand
Miljøpartiet Dei Grøne vil nemleg innføre ei flyseteavgift på 600 kroner per sete ved flyreiser til utlandet, 300 kroner per sete mellom stader i Sør-Noreg som har jernbanesamband og 150 kroner per sete ved andre flyreiser innan Sør-Noreg.
Grepet vil ifølgje partiet skaffe 9,5 milliardar kroner meir i inntekt til staten, omtrent på øret kva regjeringa i tilleggsnummeret til statsbudsjettet anslo at flyktningkrisa vil koste Noreg neste år.
– Det er ingen grunn til å setje det grøne skiftet på vent fordi merksemda er retta mot flyktningstraumen, seier stortingsrepresentant Rasmus Hansson til NTB.
I motsetning til regjeringa som omdisponerte 4,2 milliardar kroner innan bistandsbudsjettet, legg Dei Grøne same sum inn i potten og aukar bistandsbudsjettet med 4,2 milliardar kroner.
– Å kutte fleire milliardar kroner i bistand er den aller mest vanvitige måten å finansiere ein auka flyktningstraum på. Dette er kortsiktig politikk som vil føre til at fleire menneske må flykte i framtida.
LES OGSÅ: Kvar skal me få mate frå?
Klimaavgifter
Lista over auka klimaavgifter er lang. Kutta som regjeringa har foreslått i årsavgifta på campingvogner, vert reversert. Det blir dyrare å kjøpe og registrere om bil, i tillegg til å fylle diesel, bensin eller gass.
– Vi meiner eit grønt skatteskifte på minst 30 milliardar er nødvendig for å setje fart på norsk miljøpolitikk. I vårt alternative budsjett viser vi korleis det kan gjennomførast, seier Hansson.
Partiet foreslår å avgiftsbelegge matavfall frå handelen, auke elavgifta med 10 øre per kilowattime, innføre ei eiga lakselusavgift og sørgje for at plastposeavgifta gjer comeback med 2 kroner per pose. I tillegg vil partiet ha ei avgift på 10 kroner per kilo plastemballasje og ei generell CO2-avgift på 500 kroner per tonn.
På skattesida vert inntektsskatten auka med 5 milliardar kroner og formuesskatten med til saman 2 milliardar kroner. (©NPK)