Trugar med å pløye opp stortingsplenen

Natur og Ungdom åtvarar mot tap av matjord.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag la næringskomiteen fram innstillinga til nasjonal strategi for jordvern.

Næringskomiteen innstiller på eit mål om at nedbygginga av matjord skal ned i 4000 dekar i året innan 2020.

– Me synest det er betre enn Sylvi Listhaugs føreslag, men det er enno perspektivlaust med tanke på at dette er ein avgrensa og utruleg verdifull ressurs.Matjorda er for viktig til å byggjast ned. Viss Stortinget ikkje tek ansvar, må stortingsplenen pløyast opp og brukast til å dyrke mat, seier Gaute Eiterjord, 2.nestleiar i Natur og Ungdom.

LES OGSÅ: Den andre grøne revolusjonen: Menneske og mold først

Natur og Ungdom har kravd at det må setjast eit mål for når siste dekar matjord i Norge skal vere bygd ned. Organisasjonen meiner nedbygginga må halverast innan 2017, og vere tilnærma null i 2020. Dette må skje gjennom betre arealpolitikk og at matjorda får sterkare juridisk vern.

– Over halvparten av nedbygginga skjer på grunn av fritids-, bustad- og næringsbygg. Ved å fortette og bruke eksisterande areal, i staden for matjord, kan ein raskt halvere nedbygginga. Ved å droppe arealkrevjande vegprosjekt kan ein kome endå lenger, seier Eiterjord i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vil forby utbygging av matjord

​Ifølgje Statistisk sentralbyrå blei matjord bygd ned til desse føremåla i 2014:

Dyrka mark

Dyrkbar mark

  • Bustad-, fritidsbygg 34 %
  • bustad- og fritidsbygg 44%
  • Trafikkområde 21 %
  • Trafikkområde 17 %
  • Næringsbygg 20 %
  • Næringsbygg 13 %

Faktaboks

• Berre tre prosent av landarealet i Norge er dyrka mark. Det tar kring tusen år å byggje opp éin centimeter med matjord.
• 30 prosent av dei raudlista artane i Norge er avhengig av kulturlandskapet og jordbruket.
• Det er lagra meir karbon i matjorda enn i atmosfæren og vegetasjonen til saman.
• I Europa forsvinn 50.000 kvadratkilometer matjord kvart år.