FN åtvarar Europa mot stengde grenser
– Flyktningane må ikkje gjerast til syndebukkar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
FN åtvarar Europa
FN åtvarar europeiske land mot å bruka terroren i Paris som påskot for å lukka døra for flyktningar og migrantar frå land som Syria.
Av rundt 1,1 millionar flyktningar og migrantar som har kome til Europa via Middelhavet sidan 2013, har toppen seks hatt ei mogleg tilknyting til terror, seier ein talsmann for Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM), Joel Millman.
Og IOM har ingen bevis for at desse har vore involvert i valdshandlingar i Europa, legg han til.
– Vi er urolege
– Vi er urolege for reaksjonane frå enkelte statar, som vil endra dei programma som alt er på plass og gå tilbake på lovnadene om å handtera flyktningkrisa, seier ei talskvinne for FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), Melissa Fleming.
– Flyktningar må ikkje gjerast til syndebukkar og må heller ikkje bli gjort til offer for desse tragiske hendingane, seier Fleming, med tilvising til Paris-terroren.
Europeiske leiarar blei tidlegare i år samde om å fordela 160.000 flyktningar og asylsøkjarar seg imellom, men under 1.000 er hittil busette.
LES OGSÅ:Vil du husa ein flyktning?
Krev stengde grenser
Enkelte europeiske leiarar er sterkt kritiske til EUs kvotesystem, som Ungarns statsminister Viktor Orbán. Han fekk tysdag grønt lys frå nasjonalforsamlinga til å føra saka inn for EU-domstolen.
Den nye høgreregjeringa i Polen varslar også ei strengare linje overfor flyktningar og migrantar, medan Marine Le Pens ytterleggåande høgreparti Nasjonal Front i Frankrike krev stengde grenser.
Motbydeleg
– Det vil vera svært, svært dumt, meiner Rupert Colville hos FNs høgkommissær for menneskerettar.
– Det er motbydeleg korleis ekstremt innvandringsfiendtlege politikarar og mediekommentatorar brukar dette angrepet for å fremja sin eigen agenda. Dette er heilt hesleg med tanke på det som skjedde i Paris, seier han. (©NPK)