Ber regjeringa læra av Obama
Natur og Ungdom jublar over at USA stoppar all ny oljeboring i Arktis.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På laurdag kunne Barack Obama annonsera full stopp for ny oljeboring i Arktis. Natur og Ungdom krev at Erna Solberg tar inspirasjonen frå Obama, og avlyser 23. konsesjonsrunde.
– Er det éin ting ein kan læra av amerikanarane, så er det at det er fullt mogleg å seia nei. Det er ingen som treng oljeboring i Arktis. Det er ingen som lid naud om vi lèt desse fossile ressursane liggja, seier Torgeir Vestre, fagleiar for Olje og Energi i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
LES OGSÅ: –Noreg manglar truverd i Arktis
I februar 2016 skal regjeringa dela ut 54 nye leiteløyve i Barentshavet til selskap som vil leita etter olje og gass. I den prosessen har styresmaktene prøvd å endra definisjonen av den kontroversielle Iskanten i Barentshavet, men forslaget fall i Stortinget.
Ifølgje klimapanelet til FN, må 80 prosent av alle verdas oppdaga fossile ressursar bli liggande dersom me skal klara å koma under 2-gradersgrensa for global temperaturauke. Britiske forskarar ved University College London har slått fast at dette tyder at alle olje, gass og kol nord for polarsirkelen må bli liggjande.
LES OGSÅ: Nederland dømd til å kutta klimagassar
Saman med fleire andre organisasjonar står Natur og Ungdom bak 112aksjonen.no. Det er ein kampanje for å stille staten for retten for brot på Grunnlovens §112, òg kjend som miljøparagrafen, dersom 23. konsesjonsrunde ikkje blir trekt tilbake.
– Vel vitande om at deira eigne fagfolk seier nei, vel vitande om at sunn fornuft seier nei, og vel vitande om at å seia ja dømmer framtidige generasjonar til ruin, køyrer Erna på med forureinande og øydeleggjande oljeboring i Arktis. Det norske folk kan ikkje la dei sleppa unna med dette, avsluttar Vestre.
LES OGSÅ: Høgsterettsadvokat: Miljøparagrafen er ikkje symbolsk