Humler har fått kortare tunger
Humlene rundt Rocky Mountains i USA har fått merke konsekvensane av klimaendringane. To artar har fått 25 prosent kortare tunge dei siste 40 åra, ifølgje ein studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er humleartane fjellhumle (Bombus balteatus) og Bombus sylvicola som har utvikla kortare tunger.
LES OGSÅ: Humlas flukt
Årsaka er det stadig varmare klimaet som har ført til at mange av favorittblomane til humlene – slike som krev lang tunge for å ned til pollen og nektar – er blitt mindre eller har forsvunne heilt frå dei store områda, ifølgje studien frå Science.
Tunga til humlene har ifølgje studien krympa som eit resultat av naturleg utval. Kortare tunge gjer det mogleg for humlene å suge nektar frå mange ulike typar blomar.
LES OGSÅ: Humlene i Oslo får eigen autostrada