Widvey: UiO må fullføre Norsk Ordbok
Universitetet i Oslo seier at dei ikkje har folk til å ferdigstilla Norsk Ordbok-rettleiinga dei har fått 400.000 kroner for å laga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Widvey med krav til UiO
Mens påtroppande språkdirektør og prosjektleiar Åse Wetås saman med dei fem medarbeidarane ho har igjen i Norsk Ordbok i haust gjer ferdig siste bindet av det store oppslagsverket Norsk Ordbok, vil ikkje UiO lage brukarrettleiinga til verket. I eit brev til Kulturdepartementet skriv universitetet no at dei ikkje har bemanning til det.
Rettleiinga har dei før søkt om ekstra pengar til å lage, og departementet har løyvd 400.000 kroner til føremålet.
– Sidan dette prosjektet vart sett i gang i 2002, har det kosta staten utruleg mange pengar. Det er sterkt beklageleg at universitetet ikkje ser seg i stand til å prioritere arbeidet med ei brukarrettleiing heilt i sluttfasen, seier Thorhild Widvey (H) til Klassekampen.
Om ikkje universitetet kan klare dette sjølv, må dei finne andre som kan gjere det innan årsskiftet, krev kulturministeren.
LES OGSÅ: Tilsette i Norsk Ordbok går til sak mot UiO
– Småleg
Det komplette tolvbindsverket med 300.000 norske dialektord og nynorskord skal lanserast i mars neste år, har kosta 130 millionar kroner å fullføre, men manglar altså ei brukarrettleiing.
Hovudredaktør for Norsk Ordbok Oddrun Grønvik synest UiO er smålege som ikkje vil lage brukarrettleiinga.
– Dette er ein type oppslagsverk på nett som vi ikkje har hatt maken til i Noreg før. Norsk Ordbok blir så uendeleg mykje rikare og komplekst enn tidlegare ordbøker med detaljerte opplysningskategoriar og kjeldetilvisingar som krev rettleiing, seier Grønvik til avisa.
LES OGSÅ: Skisse til løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok
– Utanfor oppdraget
Leiar Kristian Emil Kristoffersen ved Institutt for lingvistikk og nordiske studium, som driv ordboksprosjektet, lover å gjere ferdig papirversjonen av Norsk Ordbok innan utgangen av året, som avtalt, men meiner ei separat rettleiing aldri har vore ein del av oppdraget.
– Det er mykje som har endra seg sidan vi søkte om desse pengane. Vi har måtta gjere ei fortløpande vurdering av kva ressursar vi har til rådvelde, seier Kristoffersen.
Universitetet i Oslo sa i fjor frå seg ansvaret for ordboksprosjektet fordi dei heller ville reindyrke ambisjonen om å bli eit internasjonalt toppuniversitet. Når det tolvte bindet er ferdig, er framleis berre ein del av dei 300.000 oppslagsorda digitaliserte og søkbare på nett. Så langt har det ikkje lykkast å få til ei vidareføring av prosjektet i eit anna fagmiljø. (©NPK)