Tilsette i Norsk Ordbok går til sak mot UiO

Det har lenge vore uro rundt organiseringa av Norsk Ordbok. No går Norsk Tjenestemannslag til sak mot Universitetet i Oslo (UiO) for usakleg oppseiing på vegner av seks tilsette.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me støttar dei i synet på at desse oppseiingane er usaklege, seier forbundsleiar Siv Anita i Norsk Tjenestemannslag (NTL) til universitetsavisa Uniforum.

Det er NTL som fører saka for dei seks tilsette. Organisasjonen har varsla at dei vil ha klar ei stemning innan 28. februar.

I juni i fjor fekk alle dei 23 tilsette varsel om at dei berre hadde arbeid ut året på grunn av pengemangel. Dette trass i at prosjektet etter planen først skulle avsluttast 1. mars, fortel avisa.

Dei seks tilsette som er organiserte i NTL er ikkje dei einaste som meiner at oppseiingane ikkje har gått rett føre seg. Også tre medarbeidarar organiserte i Forskerforbundet vurderer å gå til sak og prøva saka si for Arbeidsretten.

LES OGSÅ: Styreleiar for Norsk Ordbok går i protest

Maktkamp
Forbundsleiaren i NTL har inntrykk av at dei tilsette som har mist jobben sin og no går til sak tek oppseiinga svært tungt.

– Det er bygt opp ein kompetanse over tiår, som universitetet no berre «kastar på dør», seier ho.

Ho meiner også dei tilsette har blitt dregne inn i ein maktkamp mellom universitetet på den eine sida og Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet på den andre sida.

– Begge departementet er svært tydelege på kva dei krev av UiO, medan universitetet er ute etter å prøva kor langt autonomiteten deira rekk. Medlemmene våre kjem dermed i ein klinsj i denne knivinga mellom UiO og departementa, seier Siv Anita Hagen.

Slik ho oppfattar det, ønskjer UiO å bestemma sjølv kva oppgåver dei skal driva med, medan Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet ikkje meiner dei har høve til det.

Rektor ved UiO, Ole Petter Ottersen, ønskjer ikkje å kommentera varselet om søksmål.

– Eg registrerer at NTL ønskjer å prøva denne saka i rettssystemet. Det vil difor ikkje vera ryddig av meg å kommentera nokre sider av denne saka no, skriv han i ein e-post til Uniform. (©NPK)

LES OGSÅ: Ingen vil ha Norsk Ordbok