– Treng hjelp etter dei har blitt rusfrie
Når mor får behandling for rusproblem under graviditet, får bornet ein betre start. Samstundes påverkar andre problem hos mor bornet si utvikling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I morgon skal Kristin Haabrekke forsvare si avhandling om barn av mødre med rusproblem, ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo.
LES OGSÅ: Fleire unge Anonyme Alkoholikere
Saman med kollegaar, har Haabrekke undersøkt born av mødre som fekk behandling for rusproblem under svangerskapet.
– At mødrene får hjelp til rusproblema under graviditeten, kan skape eit betre utgangspunkt for borna. Studien syner samstundes at borna og mødrene treng hjelp og oppfølging over lengre tid, også etter at mødrene har blitt rusfrie, seier Haabrekke i ei pressemelding på Universitetet i Oslo sine nettsider.
Fødde utan abstinensar
Forskarane følgte mor og born til borna var 4,5 år. Dei vart samanlikna med born av mødre som har psykiske vanskar og born av mødre utan rusproblem eller psykiske vanskar. Ei siste samanlikningsgruppe var born av mødre med rusproblem som ikkje fekk hjelp under graviditeten.
LES OGSÅ: Rusfri i eitt år – no skal Anita springa maraton
Haabrekke og kollegaane fann at born av mødre som fekk behandling under svangerskapet, vart fødde utan abstinensar og utan å vere premature.
Èin av tre i fosterheim
Samstundes hadde mødrene andre problem, som psykiske vanskar, låg utdanning og dei var ofte åleienforeldre.
Der mødrene slei i samspelet med borna kring 12 månader, hadde borna dårlegare språklege ferdigheiter når dei var blitt to år. Ved 4,5 års-alderen skilte dei seg ikkje frå snittet i språk eller evne til problemløysing.
Samstundes rapporterte mødrene om at borna hadde meir kjenslemessige vanskar. Desse vanskane hang saman med angst og depresjon hos mødrene, og med fødselsvekta til borna. Ved 4,5 år budde ein tredjedel av borna i fosterheim.
LES OGSÅ: Gladnyheit for alle negative