Fleire unge Anonyme Alkoholikere

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire unge AA-medlemmer

– Rundt 15 prosent av dei som går i Anonyme Alkoholikarar er under 30 år, og interessa er aukande, fortel «Arne» til NRK. Han har lang fartstid i AA.

Han har god oversikt over medlemsmassen rundt om i landet, og ser ein tydeleg trend: Fleire unge med alkoholproblem tek kontakt med organisasjonen.

– Dei kjem ikkje berre for ei behandling, men fordi dei søkjer eit nytt livsgrunnlag, fortel han.

Lege og forskar Odd Martin Vallersnes tek doktorgrad på rusmiddelforgifting og jobbar ved legevakta i Oslo.

LES OGSÅ: Færre ungdommar rusar seg

Auke i alkoholforgiftingar
Dei siste ti åra har han sett eit aukande tal på unge vaksne som kjem inn til legevakta med akutt alkoholforgifting, særleg på nattetid i helgane. Ungdommane som kjem inn med alkoholforgifting er stort sett frå 17– 18 årsalderen og opp i midten av 20-åra.

– Dei er nærast dauddrukne, og vert stort sett plukka opp i byrommet ulike stadar. Ute av stand til å gjere greie for seg, knapt i stand til å stå på beina, rett og slett i ein hjelpelaus tilstand. Det er urovekkjande. Fleire med alkoholforgifting betyr nok at mange drikk risikabelt ofte, seier Vallernes. Han er ikkje overraska over at fleire unge tek kontakt med AA.

– Det er ikkje overraskande i og med at vi ser ein auke i talet på unge vaksne med alkoholforgifting. (©NPK)

LES OGSÅ: Island: Slutt på fyll etter portforbod