Tabufest på Sørlandet

– Kvinner i fengsel er nedst på rangstigen, sa Veronica Orderud under Protestfestivalen i Kristiansand.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka går Protestfestivalen av stabelen i Kristiansand. Festivalen tek eit oppgjer med apati og likesæle, og arrangerer ei rekkje ulike debattar og kulturhendingar. Årets tema er tabuar, og festivalen toppar seg på laurdag, då «Tabukvelden» finn stad.

LES OGSÅ: Går til krig mot fleirtalet

Under leiing av lege, professor i sexologi og frontperson for ein Amnesty-kampanje om transpersonar sine rettar, Esben Esther Pirelli Benestad, skal ti ulike personar snakke om kvar sitt tabutema.

Dette er tabu under festivalen
Blant meiningsytrarane er Lill May Vestly, som er mor, skribent og føredragsholdar. Vestly skal snakke om skilnader mellom menn og kvinner, og at ein må akseptere slike skilnader.

LES OGSÅ: Banning fungerer ikkje lenger

Dagleg leiar i Reform – ressurssenter for menn, skal snakke om at også kvinner slår, og teologen Morten Dahle Stærk om at sambuarskap og sex før ekteskapet er synd.

Friviljug barnløyse, radikal borgaløn og prostitusjon som samfunnsgode er blant dei andre tabutemaa.

Samtale om fengsel og fridom
Også tidlegare i veka har festivalen løfta fram personlegdommar som mange vil rekne som kontroversielle. På tysdag kunne festivalgjengarane mellom anna høyre politimann Johnny Brennai samtale med drapsdømte Veronica Orderud og NOKAS-ranar Erling Havnå om korleis det var å møte fridommen etter å ha sona lange straffar.

Der gjekk Orderud hardt ut mot soningstilhøva for kvinner i fengsel.

– Kvinnene er nederst i hierarkiet, og særleg er du langt nede på rangstigen om du er både kvinne og rusmisbrukar. Kvinnene vert alltid salderingspost når ein skal spare inn.

Havnå sa seg einig.

– Tilboda til kvinnene er færre, og det er meir stigmatiserande for ei mor enn ein far å hamne i fengsel. Det er nesten så ille at ein burde ta omsyn til det i ein dom, seier han.

Orderud fortalde at det ikkje går ein dag utan at ho tenkjer på dei som sitt inne.

– Det er ikkje eit representativt utval av det norske folk som sit i norske fengsel, det er dei aller mest ressurssvake, sa Orderud i debatten, og la til at det difor var provoserande å kome ut og høyre påstandar om kor godt norske innsatte har det. Dei to tidlegare innsatte er einige i at det ikkje er det materielle som er viktig i fengsel.

– Dei materielle tilhøva betyr ingenting. Det er korleis du blir møtt som menneske som betyr noko, sa Orderud.

– Det er veldig skilnad i kor hardt straffa går utover ulike folk. Pengetryna som har alt på stell ute, surfar igjennom og kjem ut og alt er i orden. Men dei som ikkje har ein dritt, dei vert hundsa igjennom, sa Havnå.

Ville ikkje ut
Havnå har tidlegare fått merksemd fordi han ikkje ville søke om prøveløslating. Det snakka han også om i debatten.

– Eg hadde det deilig i fengsel. Då eg kom ut føltes det som å springe i eit hamsterhjul, og eg tenkte: «er dette fridom?». Det går så fort her ute, at eg blir sliten. Du venner deg til livet inne, sa han.

LES OGSÅ: Griseprat med ein språkprofessor