WWF-rapport: – Det står dårleg til med hava
Overfiske, forsuring og forsøpling øydelegg miljøet i verdshava, skriv miljøorganisasjonen WWF i ein ny rapport. Frå land truar turisme, oppdrett og utbygging.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slår hav-alarm
– Fiskepresset på ei rad arter aukar trass i at 90 prosent av dei kommersielle fiskebestandane i verda allereie er fullt utnytta eller overfiska. Vi øydelegg også mange av dei viktige leveområda i havet, seier Fredrik Myhre til Bergens Tidende. Han er fagsjef for fiskeri og havmiljø i WWF Norge.
Onsdag legg WWF International fram rapporten «Living Blue Planet», som teiknar eit dystert bilete av tilstanden i verdshava.
LES OGSÅ: Slik går det om alle tissar i havet på same tid
Millionar av tonn med plastavfall drep og skadar hundretusenar av dyr og fuglar. Halvparten av dei marine bestandane har blitt redusert i åra 1970– 2012. Sumpar og mangroveskogar, som er viktige for mangfaldet til havs, forsvinn.
Dei viktigaste truslane rapporten trekkjer fram er overfiske, oljeutvinning, gruvedrift, landbasert forureining, oppdrett, turisme og klimaendringar. Viss temperaturen fortset å stige og havforsuringa aukar, kan det få katastrofale følgjer.
– Kollaps i marine økosystem kan utløyse alvorleg økonomisk nedgang og undergrave kampen for å redusere fattigdom og underernæring, seier generaldirektør Marco Lambertini i WWF International. Nesten tre milliardar menneske har fisk som si viktigaste proteinkjelde. (©NPK)