Rekordvarmt i sjøen langs norskekysten i 2025

I snart 100 år har Havforskingsinstituttet målt temperaturane i sjøen langs norskekysten. Temperaturane var i fjor rekordhøge.

NPK-NTB-Fredrik Moen Gabrielsen
Publisert

– Når vi ser på alle stasjonane samla, ser vi at 2025 er det varmaste året målt nokosinne, seier forskingssjef Ingrid Askeland Johnsen ved Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Sidan 1930-åra har dei målt vasstemperaturen både øvst i overflata og eit stykke ned i djupet.

Dei har sju faste målingsstasjonar, éin i Finnmark, to i Nordland, éin i Midt-Noreg, to på Vestlandet og éin på Sørlandet.

Rekordvarmt langt nede i djupet

Over heile landet frå nord til sør var det uvanleg høge temperaturar i vassoverflata, ifølgje målingane.

På Sør- og Vestlandet var det også unormalt varmt utover hausten.

– Og i djupet ned mot 100 meter var det varmare enn vanleg mesteparten av året. Også her var det varmast på Sør- og Vestlandet, seier Johnsen.

Rekordvarmt hos oppdrettsanlegga

Også internasjonale målingar og modellar støttar opp under funnet til instituttet. I tillegg får Havforskingsinstituttet data frå oppdrettsanlegg langs heile kysten, der det blir målt temperaturar frå tre meters djup.

Også der viser målingane rekord:

– I alle områda sør for Bodø har 2025 vore den varmaste hausten sidan tidsserien starta i 2012, seier forskingssjefen.

Marin hetebølgje

I haust melde Havforskingsinstituttet om den kraftigaste marine hetebølgja på minst 30 år. Den marine hetebølgja starta 9. juli i sommar og sette sitt preg på vestlandskysten i ein heil månad.

Ei marin hetebølgje er uvanleg høg sjøtemperatur over minst fem dagar.

– Under slike temperaturaukar er tare- og sjøgrasenger spesielt sårbare. Det same gjeld dyr som bevegar seg lite, som oppdrettsfisk, og fastsitjande organismar som østers og blåskjel, forklarte forskar Silvana Gonzalez ved Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.