– Lokalpolitikarar må ta større eigarskap til helsa til folk

Berre éin av tre meiner lokalpolitikarane er opptatt med å legga til rette for god helse og hindre mobbing på skulen i kommunen dei bur i.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Jobbar ikkje nok mot mobbing

Det går fram av ei ny undersøking som er utført for Helsedirektoratet. Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner lokalpolitikarar må ta større eigarskap til folkehelsa.

– God helse og gode liv blir skapt også i mange andre sektorar enn i helsesektoren. For folkehelsa har forholda der folk bur og lever minst like stor betyding som den nasjonale politikken. Kommunane må sette omsynet til folkehelsa som øvste premiss for utviklinga av gode lokalsamfunn. Dette krev modige prioriteringar, seier Guldvog (bildet).

LES OGSÅ: Hoppar for helsa

Undersøkinga tyder likevel på at dei fleste trivst der dei bur. 73 prosent av dei spurde svarar at kommunen dei bur i, er ein god stad å veksa opp.

Det er regionale forskjellar i svara. På mindre stadar er det ein høgare del som synest kommunen er ein godt oppvekststad, og det er også fleire som meiner lokalpolitikarane jobbar for å hindra mobbing.

Helsedirektoratet har laga ei tipunktsliste, som kan fungere som ein sjekk for korleis kommunen ligg an på folkehelsetiltak. Sjå lista i faktaboksen!

LES OGSÅ: SV vil gi pengar til syklistar

Faktaboks

Sjekkliste for folkehelse:

* Me har gode arbeidshøve og levande handel på staden me bur.

* Kommunen har gode møteplassar i bustadsområde og byrom som innbyr til liv, leik, samvær og tilhøyrsle.

*Me har gode skular og barnehagar utan mobbing, og med eit system for å fanga opp barn og unge som fall utanfor.

* Me har godt oversyn over kva for særskilde helse- og trivselsutfordringar me har i kommunen vår, og kva for spesielle gode og ressursar som finst hos oss. Me veit kva for frivillige organisasjonar me har i kommunen, og kva slags tilbod dei har.

* Det er trygt og attraktivt å gå og sykla i kommunen – også om nettene.

* Me har nærleik til grøntområde for leik og rekreasjon, og anlegg for idrett og friluftsliv.

*  Me jobbar kontinuerleg for å redusera skadeleg støy og lokal luftforureining.

* Me tilrettelegg for naudsynte tenester for alle på tvers av alder, kultur og funksjonsnivå.

*  Me har ein heilskapleg bustadspolitikk og tilstrekkeleg og variert bustadsbygging til folk i alle livsfasar med ulike ressursar.

* Me satsar på førebyggjande helsetenester gjennom eit attraktivt frisklivstilbod, helsestasjon og skulehelseteneste.