Slutt for soppkontrollen

På grunn av pengemangel må Norges sopp- og nyttevekstforbund leggje ned tilbodet. Dei fryktar det kan koste samfunnet dyrt.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste let vera å plukke raud flogesopp med kvite prikkar. Men ikkje alle giftsoppar er like lette å kjenne att for eit utrent auge. Artar som spiss giftslørsopp og kvit flogesopp kan lettare lure seg inn med godbitar som steinsopp og kantarellar.

LES OGSÅ: Supertrendy med safting og sylting

Skrapa medlemskasse
Sopp kan vere både utruleg godt og veldig farleg, difor har Norges sopp- og nyttevekstforbund (NSNF) i mange år delt sin kompetanse gjennom soppkontrollen. Sidan  2007 har tilbodet vorte drifta utan statleg støtte. No ser dei seg nøydd til å leggje ned tilbodet som i sju år har vore haldt oppe gjennom medlemskontingent frå dei kring 4.000 medlemmene.

– Det er ingenting me heller vil enn å gjennomføra soppkontroller. No er ressursane våre skrapa og me har ikkje moglegheit til å drifte ordninga utan støtte frå myndigheitene, seier styreleder Edvin W. Johannesen i Norges sopp- og nyttevektsforbund (NSNF) til Aftenposten, som først meldte om saka.

LES OGSÅ:Fleire bekymra for soppforgifting

Nesten 300 giftige soppar
Heile 12.000 nordmenn nytta seg av tilbodet frå i alt 140 kontrollørar i fjor. Dei soppsakkyndige fann då giftig sopp i nærare 300 korger. Mesteparten av den giftige soppen var kvit flogesopp, følgt av spiss giftslørsopp, som hadde lurt seg ned i 57 korger.

No ber NSNF om statlege midlar for å sikra ein langsiktig, berekraftig og sikker soppkontroll landet over.

– Ein vesentleg del av slike midlar vil vere retta mot den ressurskrevjande utdanninga av soppsakkyndige. Dette er lite pengar sett i ljos av dei store helsekostnadane og menneskelege lidingane soppforgiftingar kan medføra, seier styreleiar Johannesen på NSNF sine eigne nettsider.

LES OGSÅ: Sopp kan ha ført til heksebrenning

To levertransplantasjonar
Fjorårets soppsesong resulterte i 15 sjukehusinnleggingar på landsbasis. To av desse resulterte i levertransplantasjonar.

Ein slik transplantasjon kostar ifølgje Helsedirektoratet samfunnet 1,2 millionar. Nyretransplantasjon og dialyse er andre kostbare behandlingar, som i verste fall kan verte naudsynt etter å ha ete giftig sopp.

Sjølv om ein samla helse- og omsorgskomité på Stortinget i Folkehelsemeldinga slo fast at det vil vere samfunnsøkonomisk nyttig å førebyggje soppforgiftingar, meiner mat- og landbruksminister Sylvi Listhaug ifølgje Aftenposten at «det er opp til den enkelte å skaffe seg nødvendig kunnskap til soppturer, eller sørge for at soppen blir kontrollert av frivillige nyttevekstorganisasjoner».

Faktaboks

Fakta om soppkontroll 2014:

1049 henvendingar til Giftinformasjonen med mistanke om akutt soppforgifting

5 innleggingar med alvorleg soppforgifting

2 levertransplantasjonar

208 gjennomførte kontroller

12.000 frammøtte på kontrollane

140 kontrollørar i aksjon

6000 korger kontrollert

284 korger med giftig sopp

57 korger med spiss giftslørsopp

62 korger med kvit flogesopp

7 korger med flatklokkehatt

1 korg med grøn flogesopp

Kjelde: Norges sopp- og nyttevektsforbund (NSNF)