Forskarar: Eksos kan gi demens

Forskarar ved universitetet i Umeå i Sverige har funne ein samanheng mellom demenssjukdommar og eksos.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan gi demens

16 prosent av alle tilfelle av demens kan kome av eksos, ifølgje studien som Dagens Nyheter har fått innsyn i.

– Vi har funne ein uventa sterk samanheng, seier professor i miljømedisin, Bertil Forsberg, som har leidde studien, til avisa.

Rundt 300 av dei 2.000 personane som deltok i studien, utvikla alzheimer eller vaskulær demens på ein 15-årsperiode.

Den fjerdedelen av deltakarane som budde i område med mest eksos i lufta, hadde 40 prosent større risiko for å få demens enn fjerdedelen frå område med minst eksos.

I studien er det teke omsyn til andre faktorar som alder, livsstil og BMI. (©NPK)