Manglar eitt utsleppsløyve i Førdefjorden
Gruveverksemda Nordic Mining har ikkje fått løyve til å sleppe ut eitt av dei viktigaste stoffa sine. – Denne mengda ville aldri vorte godkjend offshore, seier forskar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For å vinne ut rutil i Engebøfjellet i Naustdal skal Nordic Mining bruke prosesskjemikaliet Flotinor SM15, og dei har søkt om å sleppe ut 720 tonn i Førdefjorden. Det har ikkje fått løyve til. Dette skriv Nationen.
– Før dei kan få ta i bruk Flotinor SM15 må dei søkje Miljødirektoratet om endring av løyvet og gjere greie for moglege verknadar i det marine miljøet. Både akutte og kroniske effektar, og korleis stoffet vert brote ned, seier seniorrådgjevar i Klima- og miljødepartementet Britt Elisabeth Sørlie til avisa.
LES OGSÅ: Dei spelar gratis for Førdefjorden
Klassifisert som giftig
Forskar i marin miljøkjemi ved Havforskingsinstituttet Sonnich Meier meiner det er rett å vere varsame med å tillate bruk av stoffet.
– Stoffet er klassifisert som giftig av leverandøren og mengda dei søkjer om er veldig stor. Ein utsleppssøknad på 720 tonn i året ville aldri vorte sendt inn for utslepp offshore, og ville heller ikkje vorte godkjent, seier han.
Nordic Mining tek det manglande løyvet med ro, og seier dei skal få tak i den informasjonen som er naudsynt for løyvet.
– Ingen utslagsvask
Natur og Ungdom seier i ei pressemelding at dei ventar at Miljødirektoratet seier nei til ein søknad frå Nordic Mining om den skulle kome.
– Vi må slutte å bruke fjordane våre som utslagsvask for gruveindustrien, vi ventar at Miljødirektoratet tek ei avgjersle som høyrer framtida til og vågar å stå opp mot gruveindustrien, sier Arnestein Vestre, leiar i Natur og Ungdom.