Ni av ti norske tiåringar har eigen mobil
Nesten alle tiåringar i Noreg har i dag eigen mobiltelefon. For tre år sidan hadde berre halvparten av tiåringane eigen telefon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ni av ti tiåringar har eigen mobil
Tala kjem fram i ei undersøking TNS Gallup har gjort på oppdrag frå NRK.
I aldersgruppa 10 til 11 år, har heile 87 prosent av dei spurde eigen mobiltelefon, opp frå 52 prosent for berre tre år sidan. Fire av ti i aldersgruppa seks til ni år har eigen telefon, her var delen 19 prosent i 2012.
LES OGSÅ: Angst gjev ekstrem mobilbruk
Seniorrådgjevar i Medietilsynet Thomas Hepsø er ikkje overraska.
– Dette er ein tendens vi har sett over fleire år, men det er klart at dette er ein veldig stor auke på kort tid. Barn får mobiltelefonar tidlegare enn før, og våre undersøkingar viser at gjennomsnittsalderen no er åtte år, seier han til NRK. (©NPK)
LES OGSÅ: Livet med dumtelefon