Likestillingsombodet uroleg for elevar på kristne skular
Likestillingsombodet er uroleg for elevane ved skulane til Norsk Luthersk Misjonssamband. Bakgrunnen er at organisasjonen ber lærarane om å ta avstand frå homofilt ekteskap.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Uroleg for elevar på kristne skular
Norsk Luthersk Misjonssamband eig skulane som ber lærarane stå inne for eit verdidokument, som slår fast at ekteskap skal skje mellom mann og kvinne.
LES OGSÅ: Tilset ikkje homofil prest
– Eg synest det er trist at vi ikkje har komme lenger. At haldningane til homofili framleis skal vere så fordomsfulle, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik til NRK.
– Eg er verkeleg uroleg for den homofile 15-åringen som skal gå på ein slik skule. Møter ein så sterke fordommar i ei tid der ein er ung og usikker, kan det ha store konsekvensar for den enkelte, fortset ho.
Espen Ottosen, som er informasjonsleiar i misjonssambandet, meiner det ikkje er problematisk at skulane ber lærarane skrive under på verdidokumentet.
– Det er ikkje nødvendigvis slik at lærarane er einige i alt som står i verdidokumentet. Dokumentet skal først og fremst vise at vi er ein kristen skule, seier han til NRK. (©NPK)
LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i olje-protest