Tilbake til kulturrevolusjonen?
Internasjonale observatørar og lokale menneskerettsforkjemparar deler den same bekymringa om Kina si kraftige innstramming av rettstryggleiken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ikkje sidan kulturrevolusjonen har Kina hatt ein slik mangel på rettstryggleik, seier advokat Shang Baojun til Aftenposten. Han er ein av landets mest frittalande juristar.
Dei siste vekene er nemleg godt over 100 av kollegaene hans, advokatar som særleg arbeider med menneskerettssakar, vorte pågripne eller innkalla til avhøyr. Nokre vart raskt lauslate, men tilsynelatande truga til stillheit, nokre haldast i husarrest, nokre er i politiet si varetekt.
LES OGSÅ:Forskningsrådet avlyser Kina-satsing
Toler ikkje opposisjonen
Aftenposten skriv at den samordna aksjonen mot advokatane er vorte kritisert som eit nytt døme på at Kina under president Xi Jinping sin leiing ikkje tolererer opposisjon, og at kampen mot frittalande kritikarar stadig vert meir uforsonlig. Også ei stort mengd menneskerettsforkjemparar i frivillige organisasjonar er pågripne i same tidsrom.
Politiet har slått til i nesten regionane i alle landet og ingen av dei internerte har fått konferera med forsvararar.
LES OGSÅ:Utan Kina, inga klimaløysing
Kan definere alt som ein trussel om dei vil
Like før aksjonen mot advokatane vart Kinas sin nye sikkerhetslovgivning innført. Loven gjev styresmaktene eit juridisk grunnlag for å definera omtrent kva som helst som ein trussel mot den nasjonale tryggleiken, skriv Aftenposten.
– President Xi Jinping har løfta fram viktigheita av å gjera Kina til eit rettssamfunn. Den siste utviklinga viser igjen at vi er på veg i stikk motsett retning, seier Shang Baojun til avisa. Internasjonale observatørar deler same bekymring.