The Guardian: Seks dagar med 2°C over førindustrielt nivå for fyrste gong
Klimainnsatsen har prøvd å avgrensa global oppvarming til under 2°C over førindustrielt nivå. Denne veka var første gong temperaturane i verda låg over dette nivået i seks dagar på rad.
Den globale overflatetemperaturen var rekordhøge 2,24 °C over førindustrielt nivå måndag denne veka, og ser ut til å halda seg 2 °C over vidare, melder The Guardian.
Det er første gong verda har hatt seks samanhengande dagar med 2 °C over førindustrielt nivå.
Raskare temperaturauke
Den nye rekorden er ikkje langvarig nok til å slå fast at målet frå Parisavtalen om å redusera global oppvarming til 2°C, og aller helst 1,5°C, har feila, men forskarar har slått fast at temperaturauken går stadig raskare.
Ifølgje FN sin årlege Global Emissions Gap Report er det 50 prosent sjanse for at temperaturauken er nede igjen til 1,5°C innan 2100. Men med dagens rapporterte mål for kutt i klimagassutslepp er verda på veg mot 2,6 °C auke ved utgangen av dette hundreåret.
Ifølgje Samantha Burgess, strategisk leiar for klima ved Copernicus Climate Change Service, er det ein eksepsjonelt unormal temperatur globalt.
– Me har sett rekordhøge globale temperaturar halda seg i over fleire månadar no. Sjølv om enkeltdagar svingar, er temperaturar på dette nivået ein slåande indikasjon på kor mykje varmare klimaet har blitt, seier ho ifølgje The Guardian.
Ho viser til at det berre har vore to periodar tidlegare då snittemperaturen har stige til over 2°C, først i november 2023, så i februar 2025.
Temperaturauken skuldast global oppvarming som følgje av bruken av fossile brennstoff, og vêrfenomenet El Niño, som er den sterkaste på over 150 år, og som nærmar seg toppen.
Forventar auka CO₂-nivå
Varmen har ført til tørke og store skogbrannar i dei tropiske regnskogane i Indonesia og Brasil.
Ifølgje UK Met Office vil mengda CO₂ i atmosfæren auka i månadane framover, fordi økosystema har mindre kapasitet til å fjerna karbondioksidet frå atmosfæren.
– CO₂-auken frå i år til neste år vil bli rundt 3,5 milliondelar (ppm), ein tredel raskare enn dei siste åra og nesten dobbelt så raskt som det skulle vore avgrensa til om me hadde vore på sporet mot å avgrensa global oppvarming til 1,5°C, seier Richard Betts, leiar for forsking på klimapåverknad ved Met Office Hadley Centre, til The Guardian.






