Meta lanserer KI-assistent som kan handle julegåvene for deg

– Muse kan gjere alt frå julegåveshopping til å finne billegare straumselskap til å rydde i skulekalenderen for deg, seier Meta om KI-assistenten som no blir lansert i Storbritannia.

Mia Huse
Publisert

Er du lei av å handle julegåver, bestille feriar eller sende e-postar?

Det treng du kanskje ikkje lenger.

No lanserer Meta KI-assistenten Muse i Storbritannia, skriv The Guardian.

Det er ein slags digital personleg assistent, som brukarar både kan snakke med og gi oppgåver, som å sende ein e-post eller bestille ein ferie.

Den digitale KI-assistenten liknar ein bamse, og brukarane blir oppfordra til å gi han namn. Foto: Jeff Chiu / AP Photo / NTB

Meta oppfordrar brukarane til å gi assistenten eit namn, ein utsjånad og ein personlegdom.

Brukarar kan gi dei bamseliknande assistentane ulike klede, fargar og dyreutsjånadar.

Muse kan enten bli lasta ned som ein eigen app, eller brukast inne i den Meta-eigde meldingsappen WhatsApp. Assistenten kan så bli kopla til andre appar, som e-post, nettbutikkar og kalender.

Slik får KI-assistenten kontroll over ditt digitale kvardagsliv.

Assistenten har allereie blitt lansert i USA, der appen har fleire millionar nedlastingar.

Sikkerheitsbekymringar

Meta erkjenner at å gi frå seg kontrollen over kvardagslivet på nett til ein KI-assistent handlar om tillit.

Muse kan ikkje kjøpe noko eller sende ein e-post utan at brukaren godkjenner det.

Meta seier også at assistenten ikkje får tilgang til passord eller betalingsinformasjon, ifølgje The Guardian.

Samstundes rapporterer Reuters at fleire Meta-tilsette har uttrykt bekymringar om appen.

Ein tilsett reagerte på at ho fekk varsel frå assistenten om å svare systera si på den krypterte meldingsappen Signal. Ein annan fekk ei melding frå assistenten med tilfeldige bankkontosaldoar, skriv Reuters.

Britiske myndigheiter har vore i samtale med Meta før lanseringa om deira ansvar for å følgje britisk personvernlovgiving.

– Me kjem til å følgje nøye med, og viss me har bekymringar, kjem me ikkje til å nøle med å handle for å beskytte britiske forbrukarar, seier leiaren i det som tilsvarar konkurransetilsynet i Storbritannia til The Guardian.