Synne (15) frå Team Pølsa får Åpenhetsprisen

Synne Lykkeslet blir dermed tidenes yngste mottakar av prisen.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Denne saka vart først publisert av Framtida Junior.

Årleg delar Mental Helse ut Åpenhetsprisen til ein organisasjon, ei gruppe eller ein person som har gjort ein ekstra innsats for å auke kunnskap om psykisk helse.

I år er det Synne Lykkeslet som mottek prisen.

– Ho har lært oss at psykiske sjukdommar kan bety ei form for funksjonsnedsetjing akkurat slik fysiske utfordringar og sjukdommar kan gjere, skriv Mental Helse i ei pressemelding.

Lykkeslet lever med diagnosane autisme og Tourettes syndrom. I tillegg har ho OCD (tvangsliding) og angst og er den første deltakaren i Team Pølsa med psykiske sjukdommar.

– Årets prisvinnar har vore så tøff og vist oss korleis det er å ha det vanskeleg når det står på som verst. I tillegg har ho bidrege med håp og er eit godt forbilde for andre barn og unge som strever, uttalar Linda Berg-Heggelund, generalsekretæren i Mental Helse.

Lykkeslet seier at prisen betyr ekstremt mykje for ho.

– Ein av hovudgrunnane til at eg ville vere med på Team Pølsa, var for å spreie bevisstheit rundt psykisk helse og korleis det kan vere.

Prisvinnaren får eit kunstverk og høve til å gi 10 000 kroner til eit valfritt velgjerande formål. Ho skal gi pengane til organisasjonen Plan.