Politikk og samfunn

«Norske debattsider burde ikkje bli TikTok-feedar»

Nokre nedleggingar teiknar ikkje heile biletet. Unge meiningar lever i beste velgåande, skriv redaktøren i Ung debatt.

Luqman Wadood (24)
Gründer og ansvarleg redaktør i Ung debatt
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Framtida 5. november spør Sofie Sinnes (20) kvifor aviser legg ned debattsider for unge meiningar. Ho viser til nedleggingane av Aftenposten Si;D og VG Unge meiningar.

Sofie har rett i at fleire av dei store mediehusa har lagt ned unge meiningar-satsingar. Men biletet er meir nyansert.

Vanskeleg uansett alder

Først og fremst er det vanskeleg å komma på trykk, nesten same kven ein er. Ein stor debattredaksjon kan få inn hundrevis av lesarinnlegg i veka. Nålauget er trongt uansett alder.

Det er positivt. Norske debattsider burde nemleg ikkje bli TikTok-feedar. Aviser skal ha høge krav og vera pålitelege. Debattsidene i landet er det norske siviliserte offentlege rom og skal ta opp viktige samfunnsspørsmål og få fram interessante perspektiv.

Dette «meritokratiet» gjer at alle kan delta i debatten, anten ein er ung eller gammal, så lenge meininga er interessant og aktuell.

Ikkje berre nedleggingar

Noko anna som må nyanserast er inntrykket av at det berre har vore nedleggingar av unge meiningar-satsingar. Fleire aviser har nemleg nyleg lansert satsingar for å få inn fleire unge stemmer.

Distriktsavisa Nationen og lokalavisa Harstad Tidende er berre nokre døme på mediehus som nyleg har lansert unge meiningar-satsingar, medan den fleirkulturelle avisa Utrop etablerer sin eigen ungdomsredaksjon. TV 2s ung-redaksjon Hub 2 satsar også på unge meiningar. Medan nokre unge meiningar-prosjekt blir lagde ned, så oppstår det nye.

I tillegg er me så heldige som har fleire norske stiftingar som eksplisitt uttrykkjer at dei ønskjer å støtta prosjekt som får unge stemmer i samfunnsdebatten. Eg driv sjølv Ung debatt, eit selskap som får unge meiningar på trykk i aviser, takka vera støtte frå stiftingane Fritt Ord, Amediastiftelsen og Sparebankstiftelsen DNB.

Med denne støtta har eg fått over 200 unge meiningar på trykk i over 30 aviser i heile landet sidan februar 2025: alt frå VG til lokalaviser og nisjeaviser.

Lesarinnlegg er ikkje einaste middel

Så er det viktig å få fram at ei avis si nedlegging av ei unge meiningar-satsing ikkje betyr at avisa ikkje ønskjer unge meiningar. Aviser prøver i desse tider å få ungt engasjement på fleire måtar.

Bergens Tidende gjorde til dømes nyleg avisa gratis for brukarar under 25 år. Allereie første døgn fekk avisa 3000 nye unge abonnentar. VG testar i desse tider VG X, ein KI-driven nyheitsapp, nettopp for å treffa unge vaksne.

På den andre sida er ikkje lesarinnlegg den einaste måten å ytra seg på som ung.

Dagens unge har enorme høve til å ytra seg fritt i sosiale medium, noko mange allereie gjer. Tidlegare generasjonar hadde ikkje høve til å treffa millionar på TikTok som unge. Dagens unge har derfor gode ytringsmoglegheiter, uavhengig av spaltene i avisene. Det er eit viktig perspektiv å ha med.

Kvotera inn unge stemmer?

Til slutt ønskjer eg å stilla eit velgrunna spørsmål, som ein som har jobba med unge meiningar i redaktørstyrte medium i snart sju år:

Er det eigentleg eit poeng i seg sjølv å få inn unge meiningar i redaktørstyrte medium berre fordi dei er unge?

Nei, meiner eg.

Det høyrest kanskje paradoksalt ut, men heile poenget med å få unge meiningar i samfunnsdebatten er at meiningane skal vera like interessante og aktuelle som andre. Sjølv om berre 1 av 10 som ytrar seg i debattsidene er under 30 år ifølgje Retriever og Fritt Ord, burde dei ikkje kvoterast inn over ein låg sko.

Eg har heller trua på å hjelpa unge vaksne med å gjera deira interessante meiningar om til knallgode innlegg, og få dei på trykk i vanlege spalter. Dette jobbar eg heiltid med, og det kjennest givande.

Lys framtid

Terrenget er altså ikkje dystert for unge meiningar. Fleire aviser lanserer unge meiningar-satsingar, stiftingar investerer millionar i ytringsprosjekt for unge – og medienoreg gjer det dei kan for å treffa ungt.

Eg forstår Sofies bekymring, men nokre nedleggingar teiknar ikkje heile biletet. Unge meiningar lever i beste velgåande.

Framtida, avisa me debatterer i, er eit døme.