Ungdomsopprør spreier seg i Europa: – Framtida ser verre ut for oss enn dei som kom før oss
Kvifor er det så mange unge europearar som demonstrerer no? Unge ekspertar peiker på framtidsusikkerheit, høge levekostnadar og at unge føler seg gløymde.
Dei siste vekene har det vore store, og i nokre tilfelle valdelege, ungdomsdemonstrasjonar i blant anna Frankrike, Italia, Spania, Portugal, Albania, Belgia og Sveits.
Laurdag 31. oktober tok også Tysklands ungdommar til gatene.
Kvifor dei unge demonstrerer, korleis det eskalerer, og om demonstrasjonane kjem til å vere vellykka, kan du lese om i denne saka.
Dårlegare framtid
– Demonstrasjonane i Tyskland var i hovudsak fredelege, men på kveldstid braut det ut valdelege konfrontasjonar mellom politi og deltakarar, slik me også har sett i land som Albania og Frankrike, skriv Erlend Kok (28) til Framtida på e-post.

Erlend Kok (28) er stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO og forskar på aktivisme. Foto: Universitetet i Oslo
Han er stipendiat ved Universitetet i Oslo, og forskar på aktivisme, demokrati og sosiale rørsler.
Akkurat no foreinar unge i Europa seg om grunnleggjande problem, ifølgje Kok.
– Det er for dyrt å betale for leige, mat og fritid samtidig. Skulane og universiteta er i for dårleg stand. Klimaendringane lauper løpsk, og samfunnet blir stadig meir militarisert og strengt.
Det sistnemnde bekymrar særleg unge i Tyskland, som fryktar tenesteplikt.
Kok trekker fram ei felles oppleving for alle demonstrantane.
– Framtida ser dårlegare ut for «oss» enn for dei som kom før oss.

Også tyske ungdommar har byrja å demonstrere, blant anna for betre utdanning. Her på laurdag 31. oktober. Foto: Andreas Arnold/dpa via AP
Rørslene heng saman
– Demonstrasjonane på tvers av Europa er det tydelegaste generasjon Z har uttrykt framtidsangsten og frustrasjonen sin i det siste, skriv Kok.
Han meiner den høge tilslutninga viser at «gen Z» ikkje føler seg høyrde nok berre ved å stemme ved val.
– Mange unge opplever å ikkje bli behandla rettferdig samanlikna med andre i samfunnet.
Aktive rørsler i Europa
Frankrike: Det som byrja som elevdemonstrasjonar for betre vidaregåande skular, har utvikla seg til allmenne protestar mot høge levekostnader.
Spania: Demonstrerer mot bustadkrise og høge levekostnadar.
Albania: Byrja som protestar mot private investorar, og har spreidd seg til demonstrasjonar mot korrupsjon, propaganda, smal maktkonsentrasjon og svekking av demokratiet.
Tyskland: Nye demonstrasjonar hovudsakeleg gjennom gruppa «Gen Z regelt», som krev meir pengar til utdanning, helsevesen og klimatiltak, lågare levekostnadar og fjerning av verneplikt.
Serbia: Studentrørsla byrja å demonstrere for to år sida, og har no mobilisert så sterkt at dei har klart å vinne fleirtal i parlamentet.
Belgia: Streik og demonstrasjonar mot pensjonsreform og budsjettkutt.
Portugal: Protesterer mot bustadkrise og høge levekostnadar.
Italia: Demonstrerer mot høge levekostnadar og regjeringas reformplanar. Det har vore vald og hærverk i fleire byer.
Hellas: Lærarar og elevar krev betre offentleg utdanning.
Sveits: Halloweenprotestar der unge viste til Frankrike og erklærte at «no er det nok, også i Sveits».
Kjelde: CNN, NRK, Zwiss Info og The Brussels Times
Dei ulike rørslene heng saman, sjølv om dei har ulike startpunkt, ifølgje Kok.
– Rørslene i til dømes Frankrike og Albania oppstod i utgangspunktet uavhengig av kvarandre, men har sidan inspirert kvarandre gjennom krav, taktikkar og sigrar.
– Akkurat i Tyskland, derimot, er protestane tydeleg inspirert av dei i Frankrike, dei ville neppe oppstått utan dei.
Spreier seg fort
– Protestar bryt ofte ut av ei underliggjande misnøye som har lege og ulma, seier Amalie Nilsen (30) til Framtida på telefon.

Amalie Nilsen (30) har ein doktorgrad i statsvitskap og er redaktør i Journal of Peace Research i PRIO. Foto: PRIO
Ho har doktorgrad i statsvitskap og jobbar ved PRIO (Peace Research Institute Oslo).
Det gjeld demonstrasjonane me ser i Europa i dag, ifølgje Nilsen.
– Når nokon først byrjar å demonstrere, spreier det seg ganske fort. Både innanfor befolkninga og til andre land.
At nokon demonstrerer, viser andre som er misfornøgde med myndigheitene sine at demonstrasjonar er eit effektivt verkemiddel, meiner Nilsen.
Det gjeld spesielt viss ein ser at demonstrasjonane har vore vellykka, som i Serbia, der studentrørsla har vunne parlamentsvalet.
Sosial ulikskap og usikkerheit
– Kvifor skjer dette i akkurat Europa, akkurat no?
– Det er vanskeleg å svare kort og konsist på, for det føregår også i resten av verda, skriv Kok.
Han trekker fram dei mange opprøra som har vore etter protestane i Bangladesh i 2024, som spreidde seg til naboland som Indonesia og Filippinane.
Det har også vore såkalla gen z-protestar i blant anna Kenya, Madagaskar, Nepal og Peru.
Sosial ulikskap står sentralt i alle rørslene, meiner Kok.
– I Europa har særleg vedvarande dyrtid, sosial ulikskap og aukande arbeidsløyse vore sentralt. Unge på tvers av Europa opplever at samfunnsgode er urettferdig fordelt, og at dei ulike statane ikkje vil forme politikk for dei unge.
– Følgeleg føler mange unge at dei må ta skjebnen i eigne hender før det blir verre.

1. november blei det sett opp telt i Roma i Italia i protest mot høge levekostnader. Foto: Valentina Stefanelli/LaPresse via AP
Nilsen trekker også fram usikkerheita mange unge opplever knytt til framtida.
– Det er ei ganske uroleg tid for dagens unge. Det er mykje usikkerheit økonomisk, når det kjem til ting som utdanning, jobbmoglegheiter og skulesystemet, men også ei uroleg tid politisk.
Ho trur mange unge føler seg nedprioritert, særleg etter pandemien.
– Sjølv om dei er ein høgt utdanna og ressurssterk generasjon, får dei ikkje dei moglegheitene dei forventa.
Sterke følelsar og sosiale medium
Demonstrasjonane har vakse fort og spreidd seg til mange land i Europa.
Kok peiker på det han kallar ein kraftig og smittsam kombinasjon av sterke følelsar og sosiale medium.
– Toretalar, slagord og samanstøyt med politiet blir spreidd på sosiale medium og vekker sterke følelsar.
– Viss du ser ein annan ung person sette ord på akkurat det du føler og gjere noko med det, blir terskelen for at du gjer det same mykje lågare.
Det har rett nok vore mange store demonstrasjonar før sosiale medium.
– Men eg trur dei speler ei viktig rolle i informasjonsspreiing, koordinering av demonstrasjonar og merksemd, seier Nilsen.
Men sosiale medium bidrar også til fragmentering og polarisering, ifølgje ho. Mange ulike bodskapar og grupper konkurrerer om merksemd.
Fredelege protestar blir valdelege
Det har vore tilfelle av vald i nokre av demonstrasjonane.
– Veldig ofte byrjar ei gruppe fredelege demonstrantar å formidle éin bodskap, noko som vekker frustrasjon hos andre grupper, som kanskje er enda meir frustrerte, seier Nilsen.
Ho seier at det er problematisk at det blir vald, fordi det overskygger gruppene som saka eigentleg handlar om, som dei franske elevane.
Det er vanskeleg å seie kvifor demonstrasjonar eskalerer til vald, ifølgje Nilsen.
– Ofte oppstår valden fordi folk føler at det ikkje er noko anna som lykkast eller blir høyrt. Ofte er det ein respons på politivald. Men det blir fort litt kaos.

Nokre demonstrasjonar kan bli valdelege, som i Frankrike, der fleire både demonstrantar og politibetjentar har blitt skadde. Foto: AP Photo/Jeremias Gonzalez
Kok meiner ein ikkje må gløyme at også vald kan vere uttrykk for reell frustrasjon.
– Det er få opprør som har gått føre seg utan noka form for vald mot personar eller eigedom.
Han meiner svaret på kvifor kjem an på kven ein spør.
– Politiet og mykje av media peiker på venstreradikale bråkmakarar, medan ein del av demonstrantane peiker på politiet sjølv som skyld i eskaleringane.
Effekten
Historisk har demonstrasjonar vore ei veldig viktig drivkraft for demokrati og sivile rettar, forklarar Nilsen.
– I dag er demonstrasjonar viktige for å bidra til at leiarar må gå, som i Bangladesh, eller påverke val, som i Nepal. Dei er også viktige for å sette saker på dagsordenen, som klima og Black Lives Matter.
Demonstrasjonar bidrar altså til å presse myndigheiter og auke merksemda rundt ei sak. Likevel er ikkje demonstrasjonsrørsler alltid vellykka.
– Viss dei utviklar seg i ei valdeleg retning og skapar store kostnadar for samfunnet, kan bodskapen til demonstrantane drukne litt, og folk blir meir opptatte av lov og orden.
Ho trekker fram demonstrasjonane i Frankrike.
Å få ein demonstrasjon til å fungere handlar altså om ein balansegang:
Demonstrasjonane må vere synlege for å vekke merksemd og sette press på myndigheitene. Men når dei er for synlege, kan det oppstå motreaksjonar.
Akkurat kva utfall demonstrasjonsrørslene i Europa kjem til å få, er vanskeleg å føreseie no.
– Demonstrasjonar kan gå begge vegar. Det er ein viktig måte å sette press på styresmaktene på og effektivt for å mobilisere. Historisk sett ser vi det, men i det siste ser me at dei i aukande grad mislykkast, seier Nilsen.

På halloween kledde fleire portugisarar seg ut som hus for å protestere mot den pågåande bustadkrisa. Foto: AP Photo/Armando Franca
Les om dei pågåande demonstrasjonane i Frankrike her:
● Les også: 3000 arrestert under elevprotestar i Frankrike






