Posisjonen til Israels statsminister Benjamin Netanyahu kan vere truga etter tysdagens val. Blokka som støttar Netanyahu har nemleg mista fleirtalet i Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga.
Sentrumspolitikaren og militær-veteranen Gadi Eisenkot har sagt at han vil danne ei ny regjering, og har bede Netanyahu om å trekke seg.
Vegen til statsministerkontoret kan likevel bli smertefull for Eisenkot. Hans blokk har heller ikkje fleirtal i Knesset. Han vil difor vere avhengig av støtte frå dei palestinsk-israelske partia Felleslista og Ra’am, som ligg an til å få 19 av 120 mandat i Knesset.
Fleire av samarbeidspartnarane til Eisenkot har avvist at dei vil akseptere eit samarbeid med dei arabiske partia. Eisenkot har sjølv sagt at han kan samarbeide på visse vilkår.
Lagnaden til Benjamin Netanyahu er uviss etter valet i Israel denne veka. | Foto: AP Photo/Oded Balilty
69 døde i togulukke i Spania
Minst 69 personar er stadfesta omkomne etter at to tog kolliderte ved Urda, sør for Madrid.
Fleire titals personar er alvorleg skadde. Toga hadde over 500 passasjerar.
Ulukka skjedde då eit høghastigheitstog køyrde inn i eit stilleståande tog bakfrå. Det skal ha oppstått ein feil i signalsystemet som stoppa trafikken. Det bakre toget skal deretter ha fått klarsignal til å ta opp att køyringa og passere eit raudt lys. Toget skal ha hatt ei fart på om lag 200 kilometer i timen.
Transportminister Óscar Puentekritiserer avgjerda om å la toget køyre, og at det ikkje vart pålagt å køyre i sakte hastigheit.
Ulukka kjem etter fleire andretogulukker i Spania i år. Den eine tok livet av 45 personar.
Naudetatane arbeidde med å få døde og skadde vekk frå ulukkesstaden. | Foto: AP Photo/Manu Fernandez
Støre ringde Putin
Statsminister Jonas Gahr Støre og Finlands president Alexander Stubbhadde tysdag ein telefonsamtale med den russiske presidenten Vladimir Putin.
Putin fekk «klare meldingar» frå Støre og Stubb, seier Støre til NRK. Dei kravde at Russland trappar ned angrep på energi og korntransport i Ukraina, og bad om utveksling av fangar.
Putin viste på si side til «uavklarte spørsmål» som må løysast i forhandlingar.
Møtet skulle opphavleg vare i 20 minutt, men enda opp med å vare i halvannan time.
Dei to nordiske statstoppane har fått kritikk frå både inn- og utland. Danmarks statsminister Mette Frederiksenuttalte at ein må halde Europa samla i staden for å «gå solo». Møtet skal ikkje ha vore koordinert med andre europeiske leiarar. Støre på si side seier at andre allierte var informerte om samtalen, og at Volodymyr Zelenskyj sjølv hadde bede Støre og Stubb om å møte Putin.
Førre veke var Zelenskyj og amerikanske Steve Witkoff i Oslo for å drøfte fredsforhandlingar.
Jonas Gahr Støre, her på møte i Nordisk råd i Helsingfors. | Foto: Javad Parsa / NTB
Bolsonaro flyktar etter valnederlag i Brasil
Luiz Inácio Lula da Silva vann presidentvalet i Brasil natt til måndag.
Den sosialistiske presidenten slo høgresidas Flavio Bolsonaro i den andre runden i valet, etter at ingen fekk fleirtal i første runde.
Bolsonaro, som først lova at han ville levere inn passet sitt, har no flykta til USA, der han har fått visum. Bolsonaro er under etterforsking for kvitvasking i Brasil.
Bolsonaro har kravt nyval, og i ein uttale i sosiale medium omtala Bolsonaro seg som Brasils «rettmessig valde president». Han har seinare endra omtalen av seg sjølv til «Brasils leiar». Faren Jair Bolsonaro nekta sjølv å erkjenne nederlag då han tapte presidentvalet i 2022, og sit no i fengsel for kuppforsøk. Eitt av valløfta til Flavio var å frigjere faren sin.
Luiz Inacio Lula da Silva tok gjenval i Brasil etter eit tett race mot Flavio Bolsonaro. | Foto: AP Photo/Natacha Pisarenko
Noreg må jobbe betre med toleranse, ifølgje rapport
Europarådets kommisjon mot rasisme og intoleranse (ECRI)kritiserer Noreg i ein fersk rapport.
ECRI meiner Noreg må styrke fokus på antisemittisme, muslimfiendtleg rasisme og intoleranse mot LHBTI-personar i undervisinga i skulen.
Dei anbefaler dessutan at Noreg utarbeider ein nasjonal strategi for likestilling og inkludering i helsevesenet.
Desse to anbefalingane har høgaste prioritet.
I tillegg meiner ECRI mellom anna at Noreg bør gi trygg, rimeleg og rask tilgang til kjønnsstadfestande behandling for transpersonar, og sikre at personar som vert utsette for diskriminering får reell tilgang til rettssystemet.
Susanne Max Krasa i Skeiv Ungdom fortel til VG at ungdomsorganisasjonen har blitt invitert til eit møte med stortingsgruppa til Ap for å snakke om ein betre LHBT-politikk. Ho har sjølv politimeldt hatkriminalitet to gonger. Begge sakene vart lagde bort.
Noreg må styrke fokus på antisemittisme, muslimfiendtleg rasisme og intoleranse mot LHBTI-personar, slår Europarådet fast. | Foto: Hannah Busing
Lyspunkt: Håkon (8) samla inn 430 000 kroner til sjuke born
Håkon Høyland Hansen sette i gang ein stor innsamlingsaksjon, og leverte tysdag ein sjekk på 431 170 kroner til trivselstiltak på barne- og ungdomsavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.
Håkon fann i sommar ut at han ville bruke haustferien på å sparke ein fotball frå Bergen til Voss. Strekka er over 100 kilometer. Det opphavlege målet var å samle inn 50 000 kroner.
Han gjennomførte bragda saman med far sin, og dei sov i telt på vegen.
Håkon har sjølv ei storesøster med kronisk sjukdom. Gjennom opphaldet hennar på sjukehuset har Håkon sett kor viktig det er med trivselstiltak som kino, teater, klovnar eller leik, fortel han til NRK.
Kreftforeininga seier til NRK at dei er avhengige av bidrag frå einskildmenneske og bedrifter.
Håkon Høyland Hansen har samla inn over 430 000 kroner til Haukeland sjukehus. | Foto: Privat
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.