«Er Lula siste håp for Latin-Amerika?»
Brasil kan no risikera å stå overfor ein ny president frå ytre høgre, og bli ein del av den skumle mørkeblå bølgja me har sett skylja over Latin-Amerika, skriv Maria Louise Hundeide Godoy.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Søndag 25. oktober kan det avgjerast kven som blir Brasils neste president. Blir det sitjande president Luiz Inácio Lula da Silva (Lula) eller høgreorienterte Flávio Bolsonaro?
Sist valrunde overraska Bolsonaro og fekk flest stemmer, men ikkje over 50 prosent, som vil seia at det må vera ein ny valrunde.
Dette skremmer meg.
For Brasil kan no risikera å stå overfor ein ny president frå ytre høgre, og bli ein del av den skumle mørkeblå bølgja me har sett skylja over Latin-Amerika.
Feil retning
For meg kjennest det som at alt har gått litt i feil retning dei siste åra. I Paraguay kom Santiago Peña, i Argentina kom Javier Milei, og deretter har bølgja berre svulma opp.
Konservative José Raúl Mulino (Panama), autoritære Nayib Bukele (El Salvador), Daniel Noboa (Ecuador), Rodrigo Paz Pereira (Bolivia), Nasry Asfura (Honduras), Pinochet-sympatisøren José Antonio Kast (Chile), Laura Fernández Delgado (Costa Rica), den autoritære ytre-høgre-populisten Keiko Fujimori (Peru), og i år også Abelardo de la Espriella frå Colombia.
Og kva har alle desse til felles?
Dei er alle frå ytre høgre og dei er alle bestevenner av Donald Trump, USA og deira verdiar.
Teit og farleg påfunn frå Trump
Trump lanserte tidlegare i år det han kallar Shield of Americas. Dette er ein USA-leidd fleirnasjonal tryggingskoalisjon, som har som formål å få bukt med narkokartell og kriminalitet, stansa ulovleg migrasjon og motverka utanlandsk innverknad, særleg frå Kina, i Latin-Amerika og Karibia.
Eg trur dette ikkje er noko meir enn eit teit, ikkje minst farleg, påfunn Trump har laga. Dette gjer han nok berre for å sikra seg eigne gode, spreia sine MAGA-ideologiar, stoppa alt av utanlandske interesser (spesielt frå Kina og Russland), få mest mogleg tilgang til råvarer og mineral og ikkje minst få masse allierte i oppbygginga av sin eigen «bakgard».
Og går alt etter planen på søndag, vil Trump få endå ein alliert med på laget.
Er Lula siste håp for Latin-Amerika?
Følgjer i fotspora til USA
I dag ser me eit eplekjekt USA der rettar berre blir vaska vekk, der landet nærast er sett tilbake fleire tiår og demokratiet blir viska ut. Og det same skjer også hos Trumps bestevenner i Latin-Amerika.
I Argentina er Likestillingsdepartementet (Ministerio de las Mujeres, Gêneros y Diversidad) formelt oppløyst, og det er forbode å bruka kjønnsperspektiv i statlege dokument.
I El Salvador risikerer journalistar, regimekritikarar og menneskerettsorganisasjonar auka trakassering, straffeforfølging, sensur eller tvinga eksil dersom dei kritiserer tryggingspolitikken til styresmaktene.
Diktatura frå det førre hundreåret
Dette er berre nokre tilfelle av mange. Det kjennest som om alle land som knyter til seg Trumps planar, berre automatisk har lyst til å øydeleggja demokratiet? Må me minna dei på alt som er bygd opp igjen etter alle dei forferdelege diktatura frå det førre hundreåret?
Å ja, nei vent. Tidlegare president i Brasil, Jair Bolsonaro (pappa til Flávio), har jo sjølv gjennom heile den politiske karrieren sin ope forsvart, hylla og uttrykt nostalgi for militærdiktaturet som styrte Brasil frå 1964 til 1985. Han har nekta for at det var eit kupp og kallar regimet for eit demokratisk maktregime som var nødvendig på den tida.
I fjor vart Jair dømd til 27 års fengsel for kuppforsøk etter at han tapte valet mot Lula i 2022. Under valkampen har Flavio sjølv sagt at eit av hans viktigaste ønske er å få amnesti for far sin.
Er dette fridommen Brasil skal få?
Fridom som er basert på ideologiar frå ein far, med verdiar forankra i ytre høgrerørsla, og som ønskjer eit tett samarbeid med USAs president Donald Trump?
Lula tek avstand
Heldigvis gjer ikkje Lula dette. Og det gir meg håp. I eit eksklusivt intervju med BBC i september i år forklarte Lula at han ikkje har nokon relasjon til Trump. Medan mange av presidentane i Latin-Amerika no har gjort det eg meiner er «å selja si sjel» til Trumps Shield of Americas, noko presidentkandidat Bolsonaro også har ønske om, har Lula valt å ta avstand frå alt dette.
Dette meiner eg er bra.
Lula har i tillegg vore tydeleg på at han vil auka den sosiale velferda, halda fram med ei grøn omstilling og arbeida med å stansa avskoginga i Amazonas.
På tide å vakne opp
Det kan kanskje vera vanskeleg for mange å setja seg inn i eit presidentval som skjer på andre sida av jorda. Det einaste forholdet mange nordmenn har til Brasil, er at me knuste dei under fotball-VM i sommar.
Likevel så håpar eg at alle, og spesielt oss unge, kanskje byrjar å innsjå at me må stoppa denne ytre høgre-bølgja. Dette er ein del av Trumps maktspel, og det gagnar ingen. I dag er det Argentina, Chile og Colombia, på søndag er det kanskje Brasil, og snart kan det kanskje vera oss?
Me har sett det i fleire byar i Europa. Me har sett det på Grønland.
Eg tenkjer det er på tide at me vaknar no og står opp mot dette, før me alle blir tekne av det eg vil kalla ein farleg mørkeblå fascistisk drit-tsunami.






