Ungdommens bystyremøte: – Ein sjanse til å medverke som få unge får
UBM vil blant anna løfte betre helsestasjonstilbod og tiltak mot kriminell rekruttering. Deltakarane synest det er fint å kunne bidra sjølv om dei er unge.
– Eg synest det er veldig gøy at me får vere med på å gjere ting betre, seier 16 år gamle Live Melbø Haarstad til Framtida.
Ho er nestleiar i elevrådet på Morellbakken ungdomsskule.
– Det er veldig spennande og interessant. Me får eit innblikk i politikarlivet, seier elevrådsleiar Klara Palmaer Eikrem (15).
Jentene er på Ungdommens bystyremøte (UBM) for å diskutere og stemme fram saker for bystyret på vegner av osloungdommen.
Ungdommens bystyremøte
- Ungdommens bystyremøte er eit årleg møte der ungdom frå heile Oslo møtest på Rådhuset for å leggje fram saker som er viktige for dei.
- Ungdommane som deltar, er representantar frå ungdomsråd, elevråd, fritidsklubbar og liknande rundt om i Oslo.
- Ungdommane stemmer fram fem saker som Sentralt ungdomsråd tar til bystyret for vidare behandling.
- 20. og 22. oktober 2026 blei UBM arrangert for 31. gong.
Kjelde: UngOrg.

Frå venstre: Live Melbø Haarstad (16) og Klara Palmaer Eikrem (15) er nestleiar og leiar i elevrådet ved Morellbakken skule. Foto: Mia Huse
Ungdomsmedverknad
På UBM møtest ungdom frå ulike elevråd, ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar og ungdomsparti i Oslo for å stemme fram saker som er viktige for ungdom i byen.
Dei fem sakene dei landar på blir behandla av politikarane i bystyret. I fjor fekk ungdommane tilsvarande fullt gjennomslag for éi av sakene.
– Det er bra debattkultur og kule saker som blir tatt opp. Ungdommane er engasjerte, flinke og villige til å tale, noko som er veldig kult, seier Josephine Lind, leiar av Sentralt ungdomsråd.
Sentralt ungdomsråd er eit medverknadsorgan for bystyret i Oslo. Dei har ansvar for å bidra til ein god debattkultur, eit godt sosialt miljø og opplæring under UBM.

Josephine Lind er leiar i Sentralt Ungdomsråd.
– Eg synest ungdomsmedverknad i politikken er viktig er fordi ingen veit korleis det er å vere ungdom betre enn ungdommane sjølve, seier Lind.
Ho meiner ungdomsmedverknad er naudsynt.
– Ungdommar kan sitte på løysingar som vaksne ikkje ser. Deira medverking er utruleg viktig for ungdommen sjølv, men også samfunnet som heilskap.
Kan bidra
Haarstad og Eikrem et lunsj med Ellisiv Gunne Sigrunsdotter Fjærtoft (14) og Isana Kumar (15), som dei har blitt venner med på UBM.
– Eg synest det er kult at me får velje kva for saker me synest er viktigast for ungdommen i Oslo, seier Kumar.
– Det er spennande å sjå at me kan bidra med noko sjølv om me er så unge, seier Fjærtoft.
Dei fire jentene synest det har vore interessant å møte ungdommane frå andre delar av byen og høyre kva dei bryr seg om.

Isana Kumar (15) og Ellisiv Gunne Sigrunsdotter Fjærtoft (14) synest det er gøy å høyre kva andre ungdommar i Oslo bryr seg om. Foto: Mia Huse
Debatt i bystyresalen
På dag éin av UBM lager ungdommane saker dei bryr seg om i sine delegasjonar, altså ulike elevråd, lokale ungdomsråd, fritidsklubbar og så vidare.
Deretter diskuterer dei sakene, og ti av dei blir stemt fram til dag to.

Det er godt med lunsjpause når ungdommane har debattert i bystyresalen i fem timar. Foto: Mia Huse
På dag to drøfter dei sakene i bystyresalen i Oslo Rådhus, og på slutten av dagen prioriterer dei fem saker som sentralt ungdomsråd skal forsøke å sikre gjennomslag for i bystyret det kommande året.
Ungdommane held innlegg og kjem med replikkar til kvar av dei ti sakene.
På talerstolen står Acelynn Jenelle Telna Mikalsen (16) frå St. Hanshaugen ungdomsråd.
Jakob Sadeghi (14) frå Oslo Raud Ungdom har nettopp heldt eit innlegg om lovfesta varslingsutval på skular, og Mikalsen er skeptisk.
– Bro, det er ikkje så enkelt, seier ho engasjert.

Acelynn Jenelle Telna Mikalsen (16) og Jakob Sadeghi (14) diskuterer korleis eit eventuelt lovpålagt varslingsutval på osloskulane skal sjå ut. Foto: Mia Huse
Mykje på talarstolen
Mellom debattrundane et Sadeghi lunsj med dei nye vennene sine: Sander Skaalerud (16) og Anvar Ramberg (14).
– Det er kjempegøy. Eg lærar masse om politikk, seier Ramberg.
– Det er ei fin oppleving. Men når det blir heftig debatt, får eg litt hovudverk. Spesielt sidan me er her i nesten elleve timar, seier Skaalerud.
Han synest det er fint å møte ungdommar frå ulike stader i Oslo og lære meir om politikk.

Frå venstre: Sander Skaalerud (16), Jakob Sadeghi (14) og Anvar Ramberg (14) synest det er gøy å møte nye venner og prøve seg i politikken. Foto: Mia Huse
– Me får påverke kva bystyret skal behandle, og det er ein sjanse som veldig få unge får. Det er jo 18-årsgrense for å bli folkevald, seier Sadeghi.
Skaalerud håper forslaget om å skrote fråværsgrensa går gjennom. Ramberg håper på gratis kollektivtransport for unge.
– Kriminell rekruttering av unge er den viktigaste saka for meg, seier Sadeghi.

Ungdommane held innlegg etter tur, og så kan alle teikne seg til replikk under debatten. Foto: Mia Huse
Framtida spør om gutane har vore oppe på talarstolen enda.
– Han har vore der masse, seier Skaalerud og Ramberg om Sadeghi.
– Eg trur eg var der veldig mykje, ler han.
Årets fem saker
- Betre helsestasjonstilbod for unge
UBM meiner at det må bli betre kapasitet og utvida opningstider, at det bør bli betre informert om helsestasjonstilbodet i dei ulike bydelane, at det må bli eit reelt tilgjengeleg tilbod for testing av kjønnssjukdommar på alle helsestasjonar for ungdom i Oslo, at helsestasjonar for ungdom må bli styrka i arbeidet med bydelsreforma, og at det må bli eit likeverdig tilbod i alle bydelar.
- Auk kriseberedskapen no
UBM meiner at Oslo kommune å auke kriseberedskapen, at dei må styrke kriseteama, at det må vere meir opplæring i skulen om kriseberedskap, at skulen må tilby undervisning i krig og naturkatastrofar, at kommunen må auke dekningsgraden av tilfluktsrom, spesielt i aust, at det må vere tydelegare informasjon om tilfluktsrom, at kommunen må sikre at alle heim har naudsynte beredskapspakker, og at kommunen må kartlegge område som er meir utsette for naturkatastrofar.
- Betre seksualundervisning i skulen
UBM meiner at seksualundervisninga i osloskulen må bli standardisert, at dei som skal halde undervisninga, må ha eit felles kurs, at undervisninga bør få meir middel så helsepersonell kan halde seksualundervisninga, og at kunnskap om skeiv seksualitet og kvinnehelse må auke og få ein større plass i undervisninga.
- Lovfesting av varslingsutval i skulen
UBM meiner at det må bli betre informasjon om varslingssystemet for elevar i osloskulen, at det bør bli etablert eit uavhengig tredjepartsutval, at det skal bli oppretta eit internt varslingsutval på kvar skule, at varslingsutvala skal starte arbeidet så fort eit varsel kjem inn at elevane alltid skal vere med i avgjerdsprosessar som påverkar deira skulekvardag, at elevstemma skal vege tyngre enn lærarstemma, og at skulane skal ha fleire miljøarbeidarar.
- Stopp kriminell rekruttering av unge
UBM meiner at det skal bli innført alderstilpassa undervisning om digital rekruttering og utnytting av unge, at tverrfaglege team som følger opp ungdom skal styrkast, at skulane må ha ei tydelegare rolle i det førebyggjande arbeidet mot ungdomskriminalitet, at det skal bli innført undervisning om kriminelle miljø og korleis ein kjem seg ut av dei, at organiserte fritidsaktivitetar skal styrkast, at kriminelle som rekrutterer barn, skal få strengare straff, at den psykiske helsa til gutar skal styrkast, og at det skal bli skapt fleire trygge arbeids- og aktivitetstilbod for unge.
– Dei er jo gamle
Etter mange timar med debatt bestemmer undommane at dei fem sakane dei vil løfte for bystyret er:
- Betre seksualundervisning i skulen
- Betre kriseberedskap
- Lovfesting av varslingsutval i skulen
- Tiltak mot kriminell rekruttering av unge
- Betre helsestasjonstilbod
I fjor fekk dei tilsvarande hundre prosent gjennomslag for ein av dei fem sakene. Saka handla om jobbtilbodet for unge.
Dei fekk delvis gjennomslag for dei resterande sakene, blant anna tryggare ruspolitikk og betre handtering av rasisme i skulen.

Ungdommane tar oppgåva si seriøst, der dei sit i bystyresalen i ti og ein halv time på dag to av UBM. Foto: Mia Huse
– Eg håper bystyret tar alt vidare, seier Isana Kumar.
– Bystyrepolitikarane er jo gamle. Dei veit ikkje kva me treng. Det er me som skal styre Oslo om nokre år, seier den nye venninna Haarstad.
Jentene trur politikarane synest deira stemmer er viktige, og får lyst til å jobbe i politikken av å delta på UBM.
– Viss me ikkje hadde hatt noko tru på at dei kom til å høyre på oss og at noko skulle skje, hadde me nok ikkje vore her, seier Fjærtoft.

Frå venstre: Klara Palmaer Eikrem (15) og Live Melbø Haarstad (16) og Ellisiv Gunne Sigrunsdotter Fjærtoft (14) og Isana Kumar (15) blei venner på UBM.






