Ikkje ein einaste roman blir lånt frå skulebiblioteket til Carl og Mads
Regjeringa satsar ekstra på leselyst og leseglede, men berre i grunnskulen. Om vidaregåandeelevane Carl og Mads vil låne ein roman, kan dei ikkje gjere det på skulebiblioteket sitt.
– Viss eg skulle lånt ei bok no, måtte eg gått og henta ein lærar, og det er ikkje garantert at læraren har peiling på korleis PC-en her skal låne ut bøker.
Det seier Carl Fossdal Tveit (17), elevrådsleiar ved Fusa vidaregåande skule. Saman med Mads Lund Halland (18), medelev og nestleiar i Elevorganisasjonen i Vestland, har dei to eit videointervju med Framtida i det einaste rommet på skulen der det er heilt stille og som nesten aldri blir brukt: skulebiblioteket.
– Det er eit kaldt, tomt og til dels kjedeleg rom med bøker, fortel Halland.
– Det står faktisk berre stillerom på døra, legg Tveit til.
Begge to engasjerte seg i debatten om skulebibliotek, etter dei såg medieomtalen Pisa-tala fekk.
Dei reagerer spesielt på at mange andre faktorar blir trekt fram som forklaring på dei dårlege leseresultata, utan at nokon undersøkjer korleis det står til med skulebiblioteka. Det skreiv dei om i eit lesarinnlegg i Os og Fusaposten i september.
Berre lærebøker
Elevar skal ha tilgang på bibliotek ifølgje lova. Anten det er eit eige skulebibliotek, eller eit bibliotek som er tilrettelagt for skulen, skal det vere tilgjengeleg i skuletida, og målet er å bidra til å utvikle språk, leseevner og kritisk tenking.
Det er derimot ikkje eit direkte krav at biblioteket skal vere bemanna med ein fagutdanna skulebibliotekar. Korleis skulane løyser dette varierer frå både skule til skule, og fylke til fylke.
Fusa vidaregåande skule i Bjørnafjorden i Vestland har rundt 300 elevar, og 55 tilsette, ifølgje sida til skulen.
Fram til i fjor var også det lokale biblioteket næraste nabo til skulen, men det har sidan flytt til kjøpesenteret nokre steinkast unna, og blir då ikkje brukt like mykje av elevane.
Rektor Inger-Elin Epland fortel at dei har ei såkalla merkantilstilling knytt til skulebiblioteket.
– Denne funksjonen har ikkje andre bibliotekoppgåver enn utlån av lærebøker, bestilling av digitale bøker og likande, skriv ho på e-post til Framtida.
Krev betre økonomi
Ifølgje statistikk frå skulebibliotekkoordinatoren i Vestland, er det ikkje registrert nokon utlån av skjønnlitterære bøker på Fusa sitt skulebibliotek i 2022, 2023, eller 2025, med atterhald om at det kan vere utlån som ikkje har gått via systemet deira. I 2024 skal det ha vore 0,1 skjønnlitterære bøker som vart lånt ut per elev.
Slik er det ikkje ved alle skulane i Vestland. Bergensskulane gjer det spesielt bra på utlånsstatistikken, med Arna videregående skole klart i toppen, der det blir lånt ut mellom tre og sju skjønnlitterære bøker per elev i året.
I tillegg til å vere byskular, peiker elevrådsleiar Carl Fossdal Tveit på ein annan ting skulane har felles.
– Skular som Langhaugen og Årstad har også ein skulebibliotekar og lys i biblioteka. Dette ser ein at skapar liv og aktivitet der i skulekvardagen, seier Tveit, som har leita fram statistikk frå fylkeskommunen.
Utlån av lærebøker er dei einaste gongane Fusa-elevane Carl og Mads kan hugse at det har vore liv på biblioteket. Elles ser dei at ljoset og varmen er slått av, på eit rom som har ein del bøker, men ikkje nokon folk.
Mads Lund Halland hugsar sjølv korleis det var på ungdomsskulen han gjekk på, der dei hadde eit meir aktivt bibliotek.
– Vi hadde tre bøker som vart promoterte i månaden, som vart skifta ut. Det å ha ein dialog med bibliotekaren, og at det er enkelt å plukke opp ei bok og låne ho, det er så stor forskjell frå det at elevane ikkje veit korleis dei får tak i ei bok og kan låne ho, seier han.
Rektor Epland er glad for at elevane engasjerer seg, men kan ikkje love ein skulebibliotekar med det første.
– Å ha eit større skulebibliotek ville krevje økonomiske rammer i fylkeskommunen til ei slik stilling, men også budsjett til innkjøp av bøker, skriv rektoren.
– Ikkje slik vi ynskjer det

Åsmund Berthelsen er fylkestingsrepresentant i Vestland og leiar utvalet for opplæring og kompetanse. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
Åsmund Berthelsen (SV), leiar i Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland, er einig i at elevane skildrar ein dårleg situasjon for skulebiblioteket sitt.
– Det er ikkje slik vi ynskjer det. Tvert om ynskjer vi at skulane skal ha gode bibliotek som vert ein sentral plass for læringsarbeidet, skriv han i ein e-post til Framtida.
Han fortel at utvalet ventar på ei sak om biblioteka frå administrasjonen i Vestland, slik at dei kan drøfte korleis dei kan betre situasjonen.
– Eg har sett og veit at det varierer mykje korleis situasjonen er på biblioteka kring i fylket.
Berthelsen trekker fram skulebiblioteka ved Årstad, Åsane og Kvam som eksempel der situasjonen er betre. Han forklarar at skulane ikkje får eigne pengar som er øyremerkte til å ha ein bibliotekar, og at dei sjølv må prioritere innan rammene sine.
– Og då veit eg mange skular tykkjer ramma er for lita til å prioritere skulebiblioteket høgt nok.
– Har de nokon plan for korleis de skal få opp aktivitetsnivået på skulebiblioteka i vidaregåande opplæring?
– Vi har ingen plan no, men når vi får ei sak om skulebiblioteka må vi vurdere om vi skal lage ein samla plan for alle dei vidaregåande skulane. Men også utvalet har økonomiske rammer å halde seg til. Og vi er i ein situasjon der vi må kutte ein stad, om vi skal bruke meir på noko anna.
Satsing på lesing – men ikkje på vidaregåande
Det eksisterer ikkje nokon nasjonal statistikk over korleis det står til ved skulebiblioteka i grunnskulen og vidaregåande skule etter 2018, på grunn av ei endring i forskrifta om bibliotekstatistikk.
Samstundes var partia utanom Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet, tydelege til Bibliotekarforbundet før stortingsvalet i fjor på at dei ville jobbe for å sikre at skulebibliotek var bemanna av ein fagutdanna bibliotekar gjennom skuledagen.
I fjor lanserte Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) leseløftet, og med prosjektet kom meir pengar til skulebibliotek.
Dei neste fire åra skal det brukast ein milliard kroner ekstra på å løfte opp lesing, samanlikna med 2025. Satsinga på skulebiblioteka kjem likevel ikkje vidaregåande skular til nytte.

Øyvind Jacobsen er statssekretær i Kunnskapsdepartementet. Foto: Kunnskapsdepartementet
– Den statlege tilskotsordninga for skulebibliotek, som er kraftig styrkt dei siste åra, er retta mot kommunane som har ansvaret for grunnskulen.
Det skriv statssekretær Øyvind Jacobsen (Ap) via kommunikasjonseininga til Kunnskapsdepartementet til Framtida.
– Fylkeskommunane har ansvar for at elevane på vidaregåande får tilgang til eit godt bibliotektilbod, og for å vurdere korleis tilbodet skal organiserast og finansierast, skriv Jacobsen.
– Har regjeringa noko satsing på leselyst og leseglede i vidaregåande opplæring?
– Nei. Regjeringa har prioritert øyremerkte tilskot til skulebibliotek i grunnskulen fordi det er viktig å leggje eit godt grunnlag for læring tidleg i skuleløpet. Tilskotet skal vere eit tillegg til kommunane sine eigne midlar, ikkje ei erstatning for dei. Kommunane har framleis eit eige ansvar for å prioritere skulebibliotek, slik også fylkeskommunane har.
Må ut av skulen for å låne bøker
Jacobsen peikar på at han ikkje kjenner situasjonen på Fusa, men vektlegg ansvaret fylkeskommunen har for å gi elevane eit godt bibliotektilbod.
– Eg håpar det viktige engasjementet til elevane blir lytta til, og at det bidrar til gode løysingar for skulen, avsluttar han.
Førebels må elevane ved Fusa vidaregåande skule stikke ut av skulen for å finne aktuelle bøker, om dei vil prøve å lese utanom faga sine. Det kjem ikkje dei fleste elevane til å gjere, trur Carl Fossdal Tveit.
– Det vi slit litt med her er dørstokkmila. Det er vanskeleg å få byrja, og det er vanskeleg å få gjort det på eige initiativ, seier han.






