«Har Stoltenberg gløymt at atomvåpen er livsfarleg?»
Noreg må gå i bresjen for ein tryggleiksstruktur som ikkje er avhengig av å truge med å utslette menneskeslekta, skriv styreleiar i Noregs Fredsråd, Syver Kleve Koldstad (22).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
15. oktober fekk regjeringa ei utgreiing frå «Gjerdrem-utvalet», som anbefaler å la oljefondet investere i atomvåpen. Dette grunngir dei med behovet for «tryggleik» frå Natos atomvåpenparaply. Vi veit ikkje om regjeringa vil følge opp dette, men finansminister Jens Stoltenberg meiner det er paradoksalt å ikkje kunne investere i «våpen som er ein sentral del av Natos forsvar». Då lurer eg på: Har Stoltenberg gløymt at atomvåpen er livsfarleg?
Held ikkje mål
Den siste tida har Noreg ført ein stadig meir atomvåpenvenleg politikk. I mai gjekk regjeringa inn i ein avtale med Frankrike, som inneber ei felles satsing på europeiske atomvåpen. I fjor deltok Noreg for første gong i Natos atomvåpenøving «Steadfast noon» med eigne bombefly. Det skal etablerast 12 amerikanske militærbasar på norsk jord, kor vi ikkje kan utelukke at det vert lagra atomvåpen. Noreg har endå ikkje slutta seg til FNs atomvåpenforbod, trass i at 86 norske kommunar krev dette.
Atomvåpenpolitikken vert rettferdiggjord med at dei fungerer «avskrekkande» og er ein del av Natos forsvarsstrategi. Men dette argumentet held ikkje mål! Det er 12 000 atomvåpen i verda, og eit einaste atomangrep kan drepe millionar av menneske. Vi har nok atomvåpen til å utrydde menneskeslekta fleire gonger. Sjølv viss ein kjøper avskrekkingsnarrativet, finst det altså ingen grunn til å investere meir i atomvåpen.
Atomvåpen er ikkje tryggleik
Eit anna argument som vert trekt fram, er at atomvåpenprodusentar også lagar andre våpen vi er avhengige av. Men betyr dette at verdas største statlege fond skal finansiere atomvåpen? Nei! Noreg må gå i bresjen for ein tryggleiksstruktur som ikkje er avhengig av å truge med å utslette menneskeslekta.
Så, ei lita påminning til Jens Stoltenberg: Atomvåpen er ikkje tryggleik, det er livsfarleg!






