La fjella leve – eit utruleg viktig tidsvitne

Det var ei ordentleg kjensleladd oppleving, skriv filmeldar Ola Birgitsønn Vik om dokumentarfilmen.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Fosen-saka har i fleire år vore viktig for mange, både i diskusjonar om naturvern og menneskerett. Håvard Bustnes sin sylskarpe dokumentar viser alt frå reindrift til demonstrasjonar og rettssaker, og stiller spørsmålet: «Kan vi stole på staten?».

I 2021 avgjorde Høgsterett at vindkraftanlegget på Fosen var eit brot på menneskerettane til reindriftsutøvarane i området. Men dei sa aldri nøyaktig kva som skulle skje vidare med saka.

La fjella leve

Land: Noreg
Kor: På kino frå 9. oktober
Lengd: 1t 40m
Aldersgrense: Fri aldersgrense
Regissør: Håvard Bustnes
Språk: Norsk/samisk
Sjanger: Dokumentar

 

Filminga starta rett etter dommen kom frå Høgsterett, men dette er ein kamp reindriftsutøvarane Sissel Stormo Holtan, Elise Pavall Årbogen og Terje Haugen har kjempa mykje lenger enn det. Filmen får verkeleg fram kvifor dette er ein viktig kamp og ein kamp som er relevant for alle.

Kjensleladd

Demonstrasjonane frå då det var 500 dagar sidan dommen frå Høgsterett kom, får ein viktig plass i filmen. Filmen klipper mellom den påfølgjande rettssaka mot aktivistane og det som skjedde tidlegare, som gir eit heilskapleg bilde av situasjonen. Ei kompleks sak blir fortald på ein overkommeleg måte, utan at ein nødvendigvis måtte kunne alle detaljane på førehand.

Sjølv om saka har vore rimeleg stilleståande frå staten si side dei siste åra, er det ikkje ein kjedeleg film. Det var ei ordentleg kjensleladd oppleving. Eg blei rørt av engasjementet, lo av tompraten, og blei sint nok til å ville gjere noko.

Demonstrasjonar, taler og samfunnsengasjement er ein viktig del av filmen. Foto: Norsk Filmdistribusjon

Balanserer mellom overtydeleg og vag

Filmens sterkaste element er klippinga. Ulike stader, ulike tider og ulike folk blir sjonglerte på veldig oversiktleg vis. Ting som blir sagt i rettssaka mot demonstrantane, blir styrkt av det Holtan og gjengen har sagt i årevis. Den same tompraten frå myndigheitene går igjen, i alt frå TV-intervju til rettssakshøyringar. Johannes Vang vann nyleg Tromsøpalmen under årets TIFF, og som medprodusent på denne filmen skal nok han ha mykje av æra for den flotte klippinga. Han har sin eigen kortfilm om saka, Mer enn bare fjell. Kunnskap og engasjement går igjen i alle elementa i produksjonen.

Dei klarar også å treffe balansen mellom overtydeleg og vag. Barna til reindriftsutøvarane, som er bombesikre på at reindrift er det dei skal halde på med resten av livet, er ikkje manipulativ ammunisjon. Dei er det heile saka handla om, og filmen minner deg på det på smakfullt vis.

Aktivist, artist og skodespelar Ella Marie Hætta Isaksen har ei sentral rolle i filmen. Rettssaka mot ho og 17 andre demonstrantar blir som sagt brukt som eit sentralt verkemiddel. For dei som kjenner til ho frå før, er det nok inga overrasking kor viktig ho er for saka og i filmen. Ho får sagt ting som dei er, sagt dei stille delane høgt, som er ein nydeleg kontrast til det politikarane held på med.

Vi får gode innblikk i reindrifta, frå flytting til merking til slakting. Foto: Norsk Filmdistribusjon

Viktig tidsvitne

Filmens morosamaste scene er når energiminister Terje Aasland blir tvinga til å konfrontere noko av den tompraten han heldt på med i det meste av filmen. Dommaren stiller berre spørsmål, men du kan sjå korleis ministeren sakte innser at han er blitt fanga av sine eigne ord. Litt skadefryd må vere lov.

Filmen trekker linjer til Alta-saka, den største parallellen til Fosen-saka i Noreg si historie. Dette er ikkje ein ny kamp, men ein urett som har ei lang og fæl historie. Tittelen er også ein referanse til Ellos eatnu – La elva leve, ein spelefilm frå 2023 om saka med Hætta Isaksen i hovudrolla.

Filmen er eit utruleg viktig tidsvitne, og ein film som oppfordrar til engasjement og handling. Dei tvingar ikkje fram ein lykkeleg slutt. Saka er enda ikkje ferdig, sjølv om staten på papiret har tilbydd masse pengar og sagt seg nøgd med det.

Men som Terje Haugen seier i filmen: «Reinsdyr kan ikkje ete setlar».

Terningkast: 6