Lettbeint og sympatisk om å takle tunge tider.
Vongale er eit fenomen, større utanfor Noreg enn i heimlandet. Frå å lage musikk i soverommet har det blitt platedeal, turné og eit liv på høggir.
Ein dag går det ikkje lenger, og ho vender heim.
Tilbake på pikerommet er ho berre Maja (Marie Ulven), ei dame i slutten av tjueåra som jobbar deltid på ein vidaregåande skule.
Lave forventninger er, på mange vis ein liten film, men det er faktisk noko av det eg likar best med han.
«Lave forventninger»
Regi: Eivind Landsvik
Speletid: 1t 45m
Noregspremiere: 11.09.2026
Nasjonalitet/språk: Noreg, norsk
Aldersgrense: 9 år
Sjanger: Drama
Regissør og manusforfattar Eivind Landsvik er fantastisk god til å fange ei heilt spesiell form for klein stemning, ofte med ein litt tragikomisk vri. Maja er fanga mellom ulike liv, og når dei kryssar kvarandre, går det ikkje alltid så bra. Samtidig er det desse møta mellom folk og forventningar som driv filmen framover og lar verda komme til live.
Skildringa av vidaregåande skule her vekker like mykje nostalgi som dårlege minne for min del, med eit herleg rikt galleri av småsnåle, men attkjennande, bikarakterar.

ENGELSKLÆRAR: Johannes (Anders Danielsen Lie) kan vere ein litt klein type, men er ein god kollega å ha. Foto: Nordisk Film Distribusjon/ Andreas Bjørseth/ Maipo
Ungdomstid 2.0
Og så er det ein givande kontrast i det heile.
Medan ungdommen på skulen er på veg til å bli vaksne, eller i alle fall myndige, er det lett å sjå kor barnslege mange av dei eigentleg er. For Maja, som i ein periode hadde «alt» og så måtte dra heim igjen, er det å vere vaksen ikkje ei enkel sak. Skam og skuffelse over å ikkje ha greidd å leve slik ho ville, blir pakka inn i apati, mens verda rundt traskar vidare.
Elevane på skulen er uendeleg mykje yngre, medan kollegaene er for vaksne, og det ubehagelege midtpunktet der føler eg står for mykje av filmen sin energi.
Det er ein tematikk som er lett å kjenne seg igjen i, og ein som manus handterer på overraskande lettbeint vis, med ein solid dose humor. Spesielt måten dei tilsette forheld seg til elevane når dei ikkje er der, fekk meg til å flire.
Samtidig unngår filmen å gjere det heile for lett, og knyt alt saman med ei fin lita sløyfe. Livet er skummelt, og sluttar eigentleg aldri å vere det, men me kan leve med det, likevel.

TUNGT Å VERE KREATIV: Lave forventninger fangar den vonde kjensla av at det ein har bygd livet på går i knas. For Maja (Marie Ulven) kjem ikkje musikken til ho slik han pleidde. Foto: Nordisk Film Distribusjon/ Maipo
Held rytmen
Lave forventninger er ikkje ein film med særleg høg puls, men ikkje fordi hjartet ikkje bankar. Måten han fangar det tunge og daglegdagse samtidig, utan å gjere det overflødig eller banalt, er noko av det som fungerer aller best.
Samtidig saknar eg kanskje eit høgdepunkt, litt piska fløyte på topp av den filmatiske kakaoen. Lave forventninger er jamt over morosam og rørande om kvarandre, og for meg er kjenslene alltid på plass, men det blir nesten for roleg. Lågmælt Oslofilm er jo heller ikkje ei mangelvare, sjølv om dette er eit godt tilskot.

DEBUTANTAR: Marie Ulven som Maja (til venstre) er stjerna, men Embla Berntsen Stridbeck sjarmerer også stort i si første filmrolle som vidaregåandeeleven Aida. Foto: Nordisk Film Distribusjon/ Maipo
Det er ikkje for å seie at det ikkje er meir enn nok å setje pris på her.
Marie Ulven, som er best kjent som musikkartisten girl in red, gjer for eksempel ein strålande naturleg skodespelardebut som Maja. Det er eg ikkje aleine i å meine: I samtalen med ho og regissør Eivind Landsvik etter visninga under Oslo Pix, måtte dei presisere at filmen er skriven utan ho i kikkerten. Det er ikkje snakk om å spele seg sjølv her, berre ein sterk prestasjon frå eit ferskt talent.
Og så er jo skodespel ein lagsport.
Dei ofte litt finurlege sidekarakterane er essensielle brikker i denne handlinga, og samspelet mellom dei og Maja er drivstoffet for ei ganske tilbakelent handling. Spesielt scenane med mamma Astrid (Tone Beate Mostraum) treffer meg. Smerta ho kjenner av å sjå dottera ha blitt ein annan, er hjarteskjerande, og gav meg lyst til å ringe mi eiga mamma.

MOR OG DOTTER: Maja (Marie Ulven) og mamma Astrid (Tone Beate Mostraum) i Lave forventninger. Foto: Nordisk Film Distribusjon/ Maipo
Lave forventninger sprenger ingen grensar, men er like fullt ein lovande langfilmdebut med mykje på hjartet, og eit imponerande eksempel på korleis tunge tema ikkje treng å bety tunge filmar. Meirsmak har eg i alle fall fått.
Lave forventninger blei vist for første gong under filmfestivalen i Cannes i mai. Framtida.no sin meldar såg filmen då han vart vist for første gong i Noreg under filmfestivalen Oslo Pix. Lave forventninger har norsk kinopremiere 11. september.






