Ny AUF-leiar vil ha fleire unge i arbeid: – Treng meir cash
Meir cash til arbeidsministeren, er eitt av påtroppande AUF-leiar Fawzi Warsames viktigaste krav. Han vil ha eit solid løft for å få fleire unge ut i jobb.
– Kjersti treng meir cash. Ho treng meir pengar til å jobba med dette. Det er over 100.000 unge som står utanfor arbeidslivet, seier Fawzi Warsame til NTB.
Søndag blir han vald til ny AUF-leiar, men allereie no overrekkjer han eit tydeleg krav til arbeidsminister Kjersti Stenseng (Ap) og til regjeringa: fleire unge må i jobb.
– Regjeringa gjer mykje bra, men dei er nøydde til å gjera endå meir. Då må me ha meir pengar på bordet, seier den påtroppande AUF-leiaren.
Prioritert sak
Han varslar at arbeid til unge blir ein av hans viktigaste kampsaker framover, og sender ballen vidare til regjeringa.
– Det er ein stor varsko når me har så mange unge som ikkje får høve til å vera ute i arbeidslivet, seier han.
Utanfor AUF-landsmøtet i Oslo møter han arbeidsministeren for å overrekkja kravet.
– Eg trur at alle oss 350 delegatar på landsmøtet kjenner nokon som er både på vår alder, som er yngre, som er eldre, og som slit på arbeidsmarknaden. Då er det så viktig at ein har nokon som følgjer opp og seier at det er bruk for deg, seier han.
Vil satsa
Regjeringa la fram forslaget sitt til statsbudsjett førre veke.
Der auka dei løyvingane til ulike arbeidsmarknadstiltak retta mot primært unge, med 201,5 millionar kroner.
Men det er ikkje nok, meiner Warsame.
– Kjersti må ha meir pengar å rutta med, sånn at fleire unge kan komma seg inn i arbeidslivet – og bli verande i arbeidslivet. Me må ha meir pengar til kommunar og til Nav, seier han.
– Sist inn, først ut
AUFs nye leiar trur mange unge opplever dagens arbeidsmarknad som krevjande.
– Dei unge er som regel dei siste som kjem inn når det er gode tider, og dei første til å forsvinna ut når det er dårlege tider, seier han.
– Kva trur de i AUF er dei viktigaste grunnane til at mange har utfordringar med å komma seg i jobb?
– Det er jo eit samansett bilete. Det er alt frå psykiske lidingar til at det er trong arbeidsmarknad på ulike sett. Det er også dei som fell frå på vidaregåande, seier Warsame.
Pott på 13 milliardar kroner
Arbeidsminister Kjersti Stenseng tek imot utfordringa frå AUF med opne armar.
– Eg er veldig glad for å ha AUF i ryggen. Me satsar allereie mykje på arbeidsretta tiltak. Totalt er potten på 13 milliardar kroner i budsjettet neste år, seier ho.
Tal Nav la fram i sommar, viser at 110.000 unge framleis står utanfor arbeidslivet.
Stenseng innrømmer at ho og regjeringa framleis har ein stor jobb å gjera.
– Me har låg arbeidsløyse i Noreg, men samtidig er det mange som står på utsida. Dette er folk som treng kvalifisering, tilrettelegging og oppfølging, seier ho.
– Tala på unge som ikkje er i arbeid på grunn av psykisk uhelse og helserelaterte årsaker, aukar urovekkjande.
«Det er bruk for deg»
Arbeidsministeren meiner ein må endra på inngangen til arbeidslivet og gi unge ei erfaring med at nokon treng dei og stiller krav til dei.
– Mange unge eg har møtt, som har stått utanfor lenge, seier at dei isolerte seg meir og meir, at det ikkje var nokon som stilte krav til dei, og at ingen sa «det er bruk for deg», seier Stenseng.
– Me må ha eit løp for å få dei inn i varig arbeid.








