Politikk og samfunn

«Då var vi pokker meg her igjen»

Støre forklarte sjølv kvifor folkehøgskulane har ein verdi som ikkje kan målast i studiepoeng og karakterar – men har likevel ballane til å foreslå kutt i nettopp denne sektoren, skriv Oscar Eliassen Fink.

Oscar Eliassen Fink (22)
Ambassadør for folkehøgskulane
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Støre-regjeringa har lagt fram statsbudsjettet og gjer same feilen som i fjor: Dei vil kutte i stipenddelen for folkehøgskuleelevar.

I fjor prøvde regjeringa å redusere stipenddelen frå 40 til 15 prosent. Stortinget kom på bana og sette foten rimeleg hardt ned. Forslaget overlevde ikkje eingong budsjettforhandlingane.

No, mindre enn eitt år seinare, vågar regjeringa å prøve på nytt. Fordi det gjekk jo så bra sist, kvifor ikkje prøve igjen?

Samstundes vil regjeringa fjerne knekkpunktet på 35 elevar i tilskotsmodellen – ein modell som faktisk først tok til å gjelde i januar. Før nokon, og kanskje ikkje minst regjeringa sjølv, har fått sjå korleis den nye ordninga fungerer, skal ho altså endrast igjen.

Vi treng folkehøgskular

Det blir berre meir ironisk når ein les kva Jonas Gahr Støre sjølv sa under 150-årsjubileet til Romerike folkehøgskole tidlegare i år:

«Derfor trenger vi folkehøgskoler. Derfor trenger vi Romerike folkehøgskole.»

Han viste til undervisninga ved skulen under okkupasjonen, snakka om motstandskraft, dømmekraft, fellesskap og aktivt medborgarskap – og konstaterte nøgd at «statsbudsjettet enda jo bra».

Ja, Jonas. Det gjorde faktisk det. Fordi kuttet ditt vart stoppa.

Nøyaktig åtte månader og sju dagar seinare foreslår regjeringa hans det same kuttet på nytt.

Tilleggspoenga for folkehøgskule er allereie vedtekne fjerna. No skal også stipenddelen kuttast. Regjeringa grunngir det med «likestilling», samstundes som NOU 2022:16 peikar på økonomi og pris som den mest sentrale hindringa for at folkehøgskulen skal bli meir inkluderande.

Vanleg ungdom med meir gjeld

Var det ikkje du, Støre, som gjekk til val på at «nå er det vanlige folks tur»? Kva skjedde med den vanlege ungdommen som ikkje har råd til å velje seg rundt 40 000 kroner ekstra i gjeld?

Og kva med dei som treng litt meir hjelp enn andre?

Tidlegare i år fortalde folkehøgskular over heile landet om unge med behov for ekstra bistand som fekk avslag på støtte frå NAV. NAV har sjølv opplyst at rundt 40 prosent av søkjarane får avslag. Per 1. mai var faktisk 31 av 59 behandla søknader for komande skuleår avslått.

Tenk deg Stine. Ho har autismespekterforstyrring på nivå to, slit med å sosialisere ansikt til ansikt, men drøymer om å gå på ei linje der ho får reise til Japan og besøkje Pokémon Center saman med venner. Eller Petter, som treng butrening og ekstra støtte, men drøymer om å bli designar og oppleve moteveka i Milano.

Skal ikkje dei få moglegheita til å oppleve det same fellesskapet som alle andre? Er ikkje dei også «vanlige folk»? Når er det deira tur, om ikkje no?

Frå sofagris til frivillig sosialisering

Eg tok sjølv to år på Skogn folkehøgskole, eitt som elev og eitt som stipendiat. Det endra meg på måtar eg ikkje trudde var moglege.

Eg gjekk frå å sitje inne og ete usunt – ja, eigentleg vere ein sofagris – til frivillig å gå ut av rommet for å henge med menneske eg i dag ikkje berre ser på som venner, men nærast som brør og systrer.

Utan dei to åra hadde eg neppe våga å vere like open om autisme- og ADHD-diagnosane mine, faktisk teke grep for å leve sunnare eller utfordra meg sjølv på same måte som eg gjer i dag. Eg trur heller ikkje eg hadde våga å bli journalist.

På Skogn lærte eg å ta plass, snakke med menneske eg ikkje kjende, stille spørsmål og seie ja til moglegheiter eg tidlegare ville ha funne hundre grunnar til å takke nei til. I dag studerer eg journalistikk. Ja, telefonangsten lever framleis i beste velgåande, men frå å vere ein dealbreaker har han blitt redusert til ein pain in the ass.

I skrivande stund sit eg på eit rom i Madrid, der eg deltek på ein internasjonal tryggingskonferanse eg aldri i verda hadde våga å melde meg på før åra på Skogn.

Utan Skogn hadde eg ikkje sete her.

Kor mange gonger skal dei prøve seg?

Støre brukte talen sin på Romerike til å løfte fram dømmekraft, kreativitet, fellesskap og modning. Han forklarte sjølv kvifor folkehøgskulane har ein verdi som ikkje kan målast i studiepoeng og karakterar – men har likevel ballane til å foreslå kutt i nettopp denne sektoren.

Kvar er logikken?

Regjeringa kallar sjølv 15 prosent ei «likestilling» med studentar. Men dei likestiller berre folkehøgskuleelevane med éin del av studentordninga. Studentar som meg kan få ytterlegare 25 prosent gjort om til stipend når vi fullfører ein grad, altså opptil 40 prosent totalt.

Folkehøgskuleeleven får aldri den moglegheita.

Korleis er det «likestilling»?

Kor mange gonger må regjeringa få det same svaret før dei tek hintet? Det er tydelegvis meir enn to.

Eg håpar Jonas tenkjer over kva han sa på Romerike, for det passar dårleg med det regjeringa hans foreslår i dag.

Eg sa det i fjor, og eg seier det igjen:

Jonas, ta deg ein tur på siste skuledag. Då får du faktisk sjå kva pengane du vil spare, betyr i praksis.

Oscar Eliassen Fink er ambassadør for folkehøgskulane, men skriv denne teksta på eige initiativ.