«Kor mykje har det eigentleg å seie kven som sit på trona, når det er dei folkevalde som styrer landet?»
Den politiske makta ligg faktisk ikkje hos kongen på same måte som han gjer hos ein folkevald president i USA, skriv Linnea Mølslet i motsvaret sitt om monarkiet.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.
9. oktober publiserte Framtida eit innlegg frå Hedda Sofie Riddervold i Akershus Unge Venstre, der kong Harald og Donald Trump blir samanlikna gjennom hypotetiske døme som er totalt urealistiske og tekne ut frå fri fantasi.
Av og til verkar det som om ein må heilt til USA og hente fram Donald Trump og krone han som Noregs fiktive konge, for å argumentere mot det norske demokratiet.
Men når argumenta må byggjast på hypotetiske skrekkscenario, er det kanskje på tide å spørje om dei treffer norsk røyndom i det heile.
Blandar to ulike statsordningar
«Ville du heller hatt Trump som konge i 50 år, eller som president i fire år?» spør Hedda Sofie Riddervold frå Akershus Unge Venstre i eit innlegg publisert hos Framtida.
Det er så klart eit oppsiktsvekkjande spørsmål. Men er det eigentleg eit godt nok argument for korleis Noreg bør styrast?
For det første er det ein grunnleggjande forskjell på USA og Noreg. USA har eit presidentstyre der presidenten har ei sentral politisk rolle.
Noreg har eit parlamentarisk demokrati med maktfordeling mellom Stortinget, regjeringa og domstolane.
Regjeringa er avhengig av Stortingets tillit, og det er dei folkevalde som vedtek lover og statsbudsjett.
Å krone og setje Trump på ei tenkt norsk trone og bruke det som argument mot monarkiet er derfor ikkje noka presis samanlikning. Det blandar saman dei to ulike statsordningar og lèt som om spørsmålet om kven som er statsoverhovud, automatisk avgjer kven som har den reelle politiske makta i landet.
Vi er nøydde til å kunne diskutere politikk utan å gjere verst tenkjelege hypotetiske scenario til bevis for at eit heilt system ikkje fungerer.
Ikkje la spekulasjon stå for analysen
Riddervold trekkjer også fram Märtha Louise og Durek Verrett som eit døme på kva som kunne skjedd dersom arverekkja hadde gitt oss andre kongelege.
Men eit hypotetisk scenario er ikkje dokumentasjon på korleis institusjonen faktisk fungerer.
Ein kan sjølvsagt diskutere kongehuset si rolle, pengebruk og framtid. Då bør vi også diskutere dei faktiske oppgåvene, kostnadene og dei konstitusjonelle rammene, framfor å la spekulasjonar stå for analysen.
Men kor mykje har det eigentleg å seie kven som sit på trona, når det er dei folkevalde som styrer landet? Om Noreg har kong Harald eller ein framtidig kongeleg etterfølgjar som statsoverhovud, er ikkje det same som å avgjere kven som skal styre landet politisk.
Det er Stortinget og regjeringa som har det politiske ansvaret, noko eg håpar Riddervold er innforstått med. Skal vi diskutere framtida til monarkiet, bør vi derfor diskutere den faktiske maktfordelinga, ikkje late som om kongen har same rolle som ein amerikansk president.
Eit legitimt demokratisk spørsmål
Frå eit norsk folkestyreperspektiv er det dessutan viktig å skilje mellom politiske makt og rolla som statsoverhovud. Monarkiet er arveleg, og det er eit legitimt demokratisk spørsmål om Noreg framleis skal ha det. Men den politiske makta ligg faktisk ikkje hos kongen på same måte som han gjer hos ein folkevald president i USA.
Det er ein forskjell som fortener meir enn ein retorisk Trump-duell.
Det er fullt mogleg å vere usamd om framtida til monarkiet. Men vi kjem ingen som helst veg om debatten blir redusert til Trump på trona, hypotetiske kongelege og enkeltståande døme som skal få heile institusjonen til å verke absurd.
Det norske folket og norsk politikk fortener betre enn Unge Venstres skremselsbilete. Dei fortener kunnskap om korleis landet vårt faktisk blir styrt, og ein ærleg diskusjon om kva endringar som vil tene folkestyret best.






