Alexander (18) og Oline (17) meiner lærlingar blir gløymt
Elevorganisasjonen er bekymra for økonomien til lærlingar. FpU er tydelege på kva dei meiner løysinga er.
– Det har vore ein stor auke i folk som vel yrkesfag i Vestland, og då må det framleis vere attraktivt.
Det seier Oline Kaalaas, leiar i Elevorganisasjonen i Vestland, på telefon til Framtida.
Ho meiner situasjonen til lærlingar er alvorleg, og er redd for at heile lærlinglønna no må gå til å dekke auka levekostnader, og at det kan gjere at fleire yrkesfagelevar vel å ta påbygg.
– Noreg manglar allereie mange tusen fagarbeidarar, poengterer Kaalaas.
I tillegg til utfordrande utgifter, viser ho også til at lærlingar i fylket hennar ikkje har ein eigen arena å uttrykke korleis den økonomiske situasjonen påverkar dei. Ho ønsker at fylkeskommunen skal få eit eige lærlingråd, i likskap med blant anna Innlandet, Nordland og Oslo.
Urettferdig situasjon
Alexander Grimstad (18), leiar i Bergen FpU, er også bekymra for elevar som vel yrkesfag, spesielt etter det nye statsbudsjettet som vart lagt fram av regjeringa.
– Dette er urettferdig for lærlingar. Dei tener ikkje nok, blir ikkje teke seriøst og dei slit med å kome seg på jobb, seier han på telefon til Framtida.
Grimstad arbeider sjølv som lærling, og peikar på særleg eitt tiltak han meiner vil hjelpe: Å kutte drivstoffavgifta.
Etter avgiftskuttet på drivstoff vart fjerna 1. september, har prisane på bensin og diesel skote i vêret.
Diesel har ved visse høve bikka tretti kroner per liter.
– Særleg skadeleg er det for dei som vel yrkesfag og dei som blir lærlingar, fordi dei i større grad blir avhengig av bilen enn dei som studerer i sentrum, seier Grimstad.
Gløymt i statsbudsjettet
Kaalaas frå elevorganisasjonen er også skuffa over prioriteringane i statsbudsjettet som regjeringa har lagt fram. Det einaste lyspunktet er pilotprosjektet som kan gjere at yrkesfagelevar får dekka delar av førarkortet.
– Vi er positive til den prøveordninga. Det gjer yrkesfag meir attraktivt, men eg synest også det er viktig at yrkesfagelevar endeleg blir sett.
Grimstad frå FpU er også for billigare førarkort, men synest det skal gjerast gjennom kutt i skattar og avgiftar, ikkje med ei offenteleg støtteordning.
– Vi i FpU er einige i at lappen må bli billigare, men for alle, og ikkje berre lærlingar. Det ser vi på som urettferdig, er beskjeden frå 18-åringen.
Pilotprosjektet er eit forsøk frå regjeringa på å få fleire til å fullføre løpet på yrkesfag, men Grimstad meiner det er fleire betre verkemiddel regjeringa kan bruke for å gjere yrkesfag meir attraktivt.
Han vil at arbeidsgjevaravgifta skal fjernast for lærlingar, auke lærlingtilskotet til verksemder, og kutte bort unødvendig teori.
Og lærlingen ser ikkje for seg at han sjølv eller andre lærlingar kan bruke kollektiv transport til lærlingjobben med det første for å spare pengar når drivstoffprisane stig.
– Det hadde tatt ein time og førtifem minuttar, ein veg, fortel han.
– Og med bil?
– Ja, då er vi under tretti minutt.








