SAIH om statsbudsjettet: – Regjeringa skjønner ikkje kor viktig utdanning er
Leiar i SAIH Henriette Reierson Johnstone reagerer på at regjeringa vil kutte 100 millionar i utdanningsbistand.
– Arbeidarpartiet fortset å rasere norsk utdanningsbistand, seier leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) Henriette Reierson Johnstone til Framtida på telefon.
I statsbudsjettet 2027 kjem det fram at regjeringa vil kutte 100 millionar kroner i utdanningsbistanden.
Johnstone fortel at dei har sett denne tendensen over fleire år, men at dei synest kuttet i år er spesielt stort.
– Me er sinte og frustrerte over at regjeringa ikkje skjønner kor viktig utdanning er.
«God og relevant utdanning er avgjerande for å overvinne fattigdom, oppnå berekraftig utvikling og motverke sosial ulikskap», skriv Utanriksdepartementet i statsbudsjettet.
I kapittel 161 post 70 skriv dei at løyvinga på 546 millionar kroner dekker bidrag til kvalitetsutdanning for alle. I fjor vart støtta 646 millionar kroner.
SAIH meiner at Noreg ikkje viser at dei er ein forkjempar for utdanning gjennom kuttet.
Verktøy for demokrati
– Fordi utdanning er eit verktøy for menneskerettar og demokrati, må det bli satsa på og ikkje bli innskrenka, seier Johnstone.
Ho kritiserer utviklingsminister Åsmund Aukrusts Prosjekt Vendepunkt for å ikkje ta høgde for viktigheita av utdanning for å få folk i arbeid.
– Målet med prosjektet er jo å få fleire i arbeid i utviklingsland. Er det ikkje då fornuftig at dei bruker meir pengar på det, og mindre pengar på utdanning?
– Arbeid og utdanning må bli sett i samanheng. Når dei seier at arbeid til alle er jobb nummer éin, er det vanskeleg for oss å forstå kvifor dei skal byggje ned utdanningsbistanden. Korleis skal fleire få arbeid viss me kuttar i det som er det mest grunnleggjande for å jobb?
Johnstone trur kutta i utdanningsbistanden kan få store konsekvensar.
– Trump, Taliban og Netanyahu har skjønt at utdanning er eit verkemiddel for å fremme demokrati og menneskerettar. Har ikkje Arbeidarpartiet skjønt det? Dei må la det bli ein prioritet i norsk utviklingspolitikk.
I laupet av sin andre presidentperiode har Trump kutta enormt i dei amerikanske utdanningsbudsjetta. Taliban har gjort utdanning ulovleg for afghanske kvinner etter sjette klasse, og nesten alle skular i Gaza er øydelagde.
Andre prioriteringar
Utviklingsminister Åsmund Aukrust skriv på e-post til Framtida at støtta til utdanning blir redusert i årets statsbudsjett for at dei skal kunne prioritere andre innsatsar, som jobbskaping.

Utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap) meiner Noreg bør ta eit særleg ansvar for utdanning i krise- og konfliktområde. Foto: Torgeir Haugaard / Forsvaret
– Utdanning og jobbskaping heng også tett saman, og delar av satsinga på jobbskaping bidrar til kompetansebygging og opplæring, sjølv om det ikkje kjem fram som utdanning i bistandsbudsjettet. Me må prioritere utdanningsstøtte der behova er størst, og der andre givarar i mindre grad bidrar, skriv han.
Ministeren avsluttar med å skrive at Noreg vil fortsette å ta eit særleg ansvar for utdanning i krise og konflikt.
– Me vil bidra til at barn og unge ikkje mister skulegang og moglegheiter for framtida på grunn av kriser og krig.






