Stortinget vil straffe unge vaksne som ikkje møter til tannlegen
Fleirtalet på Stortinget vil gi personar mellom 19 og 28 år som ikkje møter til tannlegetime i det offentlege, eit straffegebyr.
Forslaget vart fremja av Høgre i trontaledebatten tysdag og fekk støtte frå Frp, Venstre, Sp, KrF og MDG.
– Offentleg sløsing handlar også om korleis vi bruker offentlege velferdstenester. Det skal ha ein konsekvens når du vel å ikkje møte opp til tannlegetimen din, og vi må bruke kapasiteten på dei som verkeleg treng helsetenesta vår, seier Erlend Svardal Bøe i Høgre, som fremja forslaget, til NTB.
6837 personar møtte ikkje til tannlegetimen i det offentlege i fjor, ifølgje tal frå regjeringa.
Nesten 2000 av dei som «skulka» i fjor, var folk i alderen 19-28 – ei gruppe som i dag får 75 prosent av rekninga dekt av det offentlege. Det er denne gruppa som er rotårsaka til frustrasjonen på Høgre-toppen, og bakgrunnen for forslaget.
– Eg er glad for at Høgre fekk fleirtal for dette, seier Svardal Bøe.
I dag har private tannlegeklinikkar høve til å ta gebyr frå folk som ikkje møter til timen, men det har ikkje fylkeskommunane og det offentlege.






