Kyssemerket – ein roman så sterk at det nesten blir for mykje
Ved å skrive så ekte og rått om hovudpersonen sine opplevingar, gjer Agnes Nordvik inntrykk på lesaren.
Korleis kan eit liv verte prega av å miste ein av dei personane som står ein nærast? Korleis kan ei ung jente klare seg utan mor si? Og kan ein finne den moderlege tryggleiken hos eit anna menneske enn mor si?
Kyssemerket er Agnes Nordvik sin debutroman. Trass i at forfattaren sjølv er ung, og at Kyssemerket er den fyrste boka hennar, set ho ein støkk i lesaren.
«Kyssemerket»
Forfattar: Agnes Nordvik
Forlag: Cappelen Damm
Sidetal: 197
Sjanger: Roman
Ei handling prega av mysteria
Kyssemerket handlar om 20 år gamle Ella. Ho er ferdig på vidaregåande og har flytta til Frankrike for å studere. Ho lever rett og slett ut draumen til dei fleste 20 år gamle jenter.
Samstundes er det noko som ikkje er som det skal vere hos Ella. Kroppen hennar jobbar imot ho. Han er i konstant beredskap. Kva er det eigentleg som er grunnen til dette? Er det eit resultat av saknet Ella har av mor si, som døydde av kreft då Ella var barn? Eller er det kanskje noko anna som har skjedd seinare, som resulterer i at Ella må gi opp studiet i Frankrike og reise tilbake til Noreg for å nøste opp i kjenslene og relasjonane sine?
Kyssemerket er ein seriøs roman som tek opp tematikk som døden, sakn og valdtekt, men som også fokuserer på dei gode relasjonane mellom menneske, og korleis ein som individ er avhengig av å ha andre menneske rundt seg, spesielt i vanskelege stunder.
Kyssemerket er ikkje for den sarte lesaren. Romanen drøftar tunge tema som død og overgrep på ein svært beskrivande og vond måte. Men det er dette som gjer romanen så god. Ved å skrive så ekte og rått om hovudpersonen sine opplevingar, gjer forteljinga inntrykk på lesaren.

Ei interessant oppbygging
Gjennom språket får lesaren også eit svært godt innblikk i korleis realiteten til hovudpersonen er. Med kraftfulle skildringar som set ein støkk i ein, kjem boka sin tematikk enda klarare fram.
I tillegg bidreg oppbygginga av Kyssemerket til at ein ikkje klarar å legge ho ifrå seg. Boka har ikkje ei kronologisk oppbygging. Ein hoppar kontinuering i tid, inn og ut av minne og drøftingar, og ein vert meir og meir nysgjerrig på kva det eigentleg er som har skjedd med hovudpersonen og menneska rundt ho. Dette bidreg til at Kyssemerket er ein verkeleg page-turner, om ein klarar lese mellom linjene og forstå samanhengane som kanskje ikkje alltid er så openberre.
Seriøs tematikk
Grunna ein svært seriøs tematikk, og ei svært god, men kompleks litterær oppbygging, er Kyssemerket ein roman som i stor grad vil passe best for erfarne lesarar, som har vore borti sterke romanar tidlegare.
Der denne romanen for mange vil vere fantastisk, fordi han kan gje innblikk inn i noko ein ikkje sjølv lett kan sette seg inn i, kan andre finne skildringane ubehagelege. Samstundes kan romanen også gi ei form for trøyst til lesarar som kjenner seg igjen i tematikken, då det vert tydeleg lagt vekt på at ein ikkje har skyld i at vanskelege ting skjer med ein.
Alt i alt er Kyssemerket av Agnes Nordvik ein svært god roman, som i stor grad vil falle i smak hos den meir erfarne romanlesaren.
● Les også: I bokhylla: Agnes Nordvik elska bøkene om Ruffen






