Raheema (16) lagar mensbind av bananar og kassava

– Mange blir overraska og nyfikne når dei høyrer at jordbruksavfall kan bli omarbeidd til mensbind. Då har eg ei moglegheit til å setja i gang samtalar om menstruell helse, seier Raheema Auwal-Panti (16).

Magnus Rotevatn
Publisert

Nigerianske Raheema Auwal-Panti (16) har eit mål om å løysa ikkje berre eitt problem, men to. Ho ynskjer både å betra tilgangen på sanitærprodukt og bidra til mindre forureining.

Løysinga hennar er å laga mensbind av avfall frå jordbruksavfall, særleg frå bananar og kassava-plantar.

– At mange framleis ikkje kan handtera menstruasjonen sin på ein verdig måte gjev meg mykje motivasjon, seier Auwal-Panti på videolink til Framtida.no.

Blad frå banan-planta. Foto: Privat

Suksessfull gründer

På tampen av 2025 grunnla Auwal-Panti firmaet PantiPads for setja idéen sin ut i livet. Verksemda hennar har fått mykje positiv merksemd, mellom anna blei ho kortlista til The Earth Prize – verdas viktigaste berekraftskonkurranse for ungdom.

– Nominasjonen til The Earth Prize blei viktig for meg, då forstod eg at prosjektet mitt blei teke seriøst, seier Auwal-Panti.

Ho seier at det i starten var fåe som trudde at prosjektet hennar ville bli vellukka, men reaksjonane har gradvis blitt meir positive.

– Mange blir overraska og nyfikne når dei høyrer at jordbruksavfall kan bli omarbeidd til mensbind. Då har eg ei moglegheit til å setja i gang samtalar om menstruell helse.

Auwal-Panti fortel at ho også får mange spørsmål om binda er trygge og komfortable å bruka.

Pulver laga av kassava. Foto: Privat

Opplærte til å teia

Auwal-Panti meiner at det i heimlandet hennar, Nigeria, framleis er knytt stigma til menstruasjon, sjølv om situasjonen har betra seg. Ho seier at mange jenter blir opplærte til å teia om at dei har mensen. Auwal-Panti meiner at det difor er vanskeleg for mange å uttrykka behova sine.

– Tilgang på sanitærprodukt er ofte ikkje god nok, særleg for jenter frå låginntekts­familiar. Prisane er altfor høge. 

I Nigeria fører manglande tilgang på bind og tampongar til skule-fråvær for halvparten av jentene. Mange er også nøydde til å bruka eingongsprodukt om att.

Miljøkostnadane knytt til sanitærprodukt er også betydelege. Vanlege bind og tampongar består i stor grad av plast og er difor ikkje nedbrytbare. Kvart år resulterer sanitærprodukt i fleire hundretusen tonn med søppel på verdsbasis.

Dekkblad frå mais. Privat

Vil gje jenter tilgang på rimelege bind

Auwal-Panti jobbar framleis med ulike prototypar. Målet hennar er å kunna lansera eit ferdig produkt på marknaden innan kort tid.

– Eg håpar PantiPads snart skal kunne gje kvinner og jenter tilgang på rimelege bind, som er trygge både for dei sjølve og for miljøet. 

Før den tid kjem, ynskjer ho at potensielle brukarar skal få vera med å testa binda ho produserer.

– Målet er at PantiPads skal vera nett like gode å bruka som konvensjonelle bind, men også vera miljøvenlege.