2002 Ntoro Yume – eit vellykka eksperiment

– Eg har aldri hatt ei liknande oppleving i ein teatersal, skriv meldar Jenny Lund.

Jenny Lund
Publisert

I første omgang kan ein lure på kva 2002 Ntoro Yume gjer på scene 2 på Det Norske Teatret, når det heile ser ut til å gå føre seg på eit kinolerret. Verkelegheita er ikkje så enkel, men akkurat kva det inneber vil eg ikkje avsløre.

I ein videokiosk spør skodespelar Oddgeir Thune korleis det hadde gått om Hitler hadde kome inn på kunstskulen. Den berykta barten blir sett på plass, og vidare følgjer ein vill leik med popkulturell nostalgi med utgangspunkt i året 2002, med auga spesielt retta mot dei største filmane frå dette heller rolege året.

«2002 ntoro yume»

  • Kor: Oslo, Det Norske Teatret, scene 2
  • Av: Tani Dibasey og Io Sivertsen
  • Premiere: 11. september 2026
  • Varigheit: Ca. 1 time og 40 minutt

 

Denne Y2K-kavalkaden er likevel berre ein del av framsyninga.

Skodespelar Oddgeir Thune har fått på seg den karakteristiske Hitler-barten. Foto: Studio Abrakadabra

At ingen oppsetjingar av det same teaterstykket er heilt like, er ein del av kunstforma. 2002 Ntoro Yume tek likevel dette til eit nytt nivå med måten dei gir kvart medlem av publikum sjansen til å forme si eiga oppleving.

Før ein går inn i salen blir ein tildelt ein hovudtelefon av sorten som blir brukt til silent disco, dansearrangement der kvar deltakar høyrer på hovudtelefonar med ulike songinnstillingar. Eitt spor er ljoden til filmen, eitt er eit slags kommentarspor der skodespelarane diskuterer ulike tema, og det siste er låt på låt med nostalgiske hits.

Kva ein vel, er opp til ein sjølv.

2002 Ntoro Yume er, av natur, ei framsyning der du vil gå glipp av noko. Det er rett og slett ikkje mogleg å få med seg tre ulike ljodspor på ein gong.

Det stressa meg.

Eg hatar tanken på å gå glipp av noko, eller å ta feil val. Å berre bli på eitt spor var uaktuelt, og opplevinga mi var lenge ein konstant fram-og-tilbake mellom samtalekanalen og ljoden til filmen. Filmdelen, med sitt ofte humoristiske uttrykk, kjentest ofte som ei motvekt til samtalekanalen sitt alvor.

Samtidig utfyller dei kvarandre.

Popkulturen er lett og elskbar, men han er ikkje uskyldig. Spesielt måten film, spel og anna kulturproduksjon bidrar til stereotypiar og marginalisering blir sett på spissen.

Det kjem fram både i samtale- og filmdelen, men på ulike måtar: Samtalen har eit ufiltrert preg, ein straum av stadig nye tankar, men alltid med ein samanheng til korleis desse kulturprodukta påverkar oss. Filmdelen, på si side, belyser problematikk hovudsakeleg gjennom satire, på eit vis der det vanskelege og banale smeltar saman. Begge fungerer godt, men kva skal ein prioritere?

Hovudtelefonar er ein sentral del av framsyninga. Foto: Studio Abrakadabra

Midt i FOMO-frustrasjonen av å ikkje kunne få med seg alt, ligg likevel stykket sin sterkaste augeblink.

Å vere på pratekanalen, midt i ein alvorleg samtale, for å så høyre latteren frå dei som var på hovudkanalen, var ei unik, og ofte urovekkande kjensle. Det er ikkje for å seie at det ikkje er humor å finne der også, men det er alltid ei spenning på plass mellom dei ulike kanalane.

Kvar av dei er også fargekoda med ljos på hovudtelefonane: Ein veit kva andre høyrer på, kva val dei tar, medan ein også er ubehageleg klar over at ein sjølv er like synleg.

På tida det tek skodespelar Malik Edo å gå frå å vere Sonic the Hedgehog til å bli Spider-Man har han slått spikaren på hovudet om den spesielle angsten som kjem med å vere ung i ei verd på veg ned i dass. Det treffer noko djupt inni meg.

Likevel var det ingen sjølvfølge at eg skulle få med meg akkurat denne delen, og når eg ser utover salen veit eg at han har gått mange hus forbi. Samtidig veit eg at det same garantert har skjedd med meg allereie. Det eg har fått, er det eg får leve med.

Eg har aldri hatt ei liknande oppleving i ein teatersal.

Spider-Man. Foto: Studio Abrakadabra

Som du nok forstår, er det litt kinkig å melde ei framsyning som dette. Eg kan på sett og vis berre vise til mi eiga oppleving, utan å verkeleg fange heilskapen.

Samtidig var det jo heller aldri meininga at nokon skulle oppleve heile 2002 ntoro yume, og då framsyninga rasar mot finalen, blir nettopp det klinkande klart.

Dette er ei førestilling som hadde vore verdt teaterturen berre for å oppleve formatet, men med glimt i auget og handa på hjartet er 2002 Ntoro Yume langt meir enn eit vellykka eksperiment. Om di oppleving minner om mi, kan eg ikkje vite.

Det er jo eigentleg litt magisk.

Terningkast: 5